Arsi Harju

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Arsi Harju
Statsborgarskap Finland
Fødd 18. mars 1974 (47 år)
Kurikka
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2000, Sommar-OL 1996

Arsi Ilari Harju (fødd 18. mars 1974) er ein finsk tidlegare friidrettsutøvar frå Kurikka. Han vart olympisk meister i kulestøyt i 2000 og tok VM-bronsen i same øvinga året etter.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Harju tok bronsemedaljen i kulestøyt under den finske friidrettsmeisterskapen i Lapua i 1995. Året etter vart det gullmedalje i den nasjonale meisterskapen, vinnarstøyten målte akkurat like langt som bronsestøyten året før; 19,46 meter. I 1997 kompletterte han premiesamlinga med ein nasjonal sølvmedalje, slått av sin sterkaste nasjonale konkurrent, Mika Halvari.

Harju fekk si fyrste internasjonale medalje i ein seniormeisterskap under innandørs-EM 1998 i Valencia, då han tok bronse med ein støyt på 20,53 m. I den finske meisterskapen i Tammerfors i byrjinga av august 1998 imponerte han stort med 21,04 m, ny personleg rekord. Men under EM i friidrett 1998 stoppa Harju på 19,54 m og niandeplass.

I OL-sesongen 2000 viste Harju god form då han vart finsk meister for tredje gong med 20,84 m. Under OL 2000 i Sydney sette han ny personleg rekord i kvalifiseringa med 21,39 m, hans lengste støyt nokon gong. I finalen nådde han 21,29 m i sitt andre forsøk, og vann framom Adam Nelson (21,21 m) og John Godina (21,20 m), begge frå USA. Det var andre gongen Finland vann OL-gull i kulestøyt, 80 år etter at Ville Pörhölä sigra i OL i Antwerpen i 1920.

I 2001 tok Harju bronse i VM. Deretter vart det fjerdeplass under EM 2002. Med 20,21 m vart han nummer to i den finske meisterskapen i 2005, slått av Ville Tiisanoja med 21 cm.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]