Artemistempelet i Efesos

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Artemistempelet, slik Martin Heemskerck (1498-1574) tenkte seg det.

Artemistempelet i Efesos, Artemiseum eller berre Artemis-tempelet var eitt av dei sju underverka ifylgje Antipater frå Sidon.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Foten av ei søyle frå Artemistempelet, frå ca. 320 f. Kr.
Frå British Museum, London.

Tempelet vart opphavleg bygt av kong Kroisos til ære for Artemis, den greske gudinna for fødsel og jakt. Templet tok 120 år å byggja, og det var ferdigstilt om lag 550 f. Kr. Det stod i oldtidsbyen Efesos i dagens Tyrkia, 5 mil sør for byen Izmir. I 356 f. Kr. vart tempelet sett fyr på av den då ukjende grekaren Herostratos, som vart avretta same året. Grekarane slo deretter fast at hans namn aldri måtte nemnast. Ironisk nok har Herostratos gjeve namn til uttrykket Herostratisk ry; ry for ei illgjerning.

Brannen skal ha vore på same natta som Alexander den store vart fødd, og ifylgje legender kunne ikkje Artemis forsvara tempelet frå elden til Herostratos fordi ho var for oppteken med å hjelpa til i fødsla til Alexander. Ei tid etter brannen skal Alexander ha føreslått å betala for gjenoppbygginga av tempelet, men dette nekta efesarane. Fyrst etter at Alexander den store døydde i 323 f. Kr., vart tempelet bygd opp att i løpet av ein hundreårsperiode.

Det nye tempelet fekk stå i fred i fleire hundre år. Det eksisterte då det nye testamentet vart nedskrive, og det er mellom anna nemnt i Apostelgjerningane, der sølvsmeden Demetrios frå Efesos får folket til å gjera motstand mot den nye læra til Paulus: «Verre er det at tempelet til Artemis, den store gudinna vår, kan bli rekna for ingen ting, og at ho som heile Asia, ja, heile verda dyrkar, kan koma til å mista sitt velde.» Då dei høyrde det, vart dei rasande og ropa: «Stor er efesargudinna Artemis!» [1]

I 262 e. Kr. fall tempelet i Efesos for andre gong då gotarane invaderte byen og sette fyr på tempelet. Dette er nedskrive av den gotiske historikaren Jordanes.

Kva som skjedde vidare med tempelet etter dette, er usikkert. Det kan ha vorte bygd opp att eller reparert i nokon grad, men kristendommen vart no den styrande religionen i landet, og makta flytte seg til Konstantinopel. Nokre av steinane i Artemistempelet vart brukte i andre bygningar, m.a. er nokre av steinane i Hagia Sofia opphavleg frå Artemistempelet.

Restar av begge templa, samt fleire tidlegare, mindre tempel på same grunnen vart utgravne på 1800- og 1900-talet. Mange tempelfragment ligg i eit museum i nærleiken av den gamle tempelplassen, og mykje er også teke vare på i British Museum i London.

Utsjånad[endre | endre wikiteksten]

Dei fleste skildringane av Artemistempelet har me frå den romerske historikaren Plinius den eldre (ca. 23 - 29 e. kr). Han skildrar tempelet som 110 X 55 m, rikt dekorert med utsmykkingar, og i stor grad bygt i marmor. Det kan ha hatt så mange som 127 søyler i jonisk søyleorden, stundom med relieff på. Dei greske bilethoggarane Polyclitus, Pheidias, Cresilas, og Phradmon tevla ofte om å forma dei vakraste skulpturane til tempelet, ofte av amasoner. Ifylgje legenda skal amasonene ha grunnlagt byen Efesos. Ifylgje Plinius fanst her også måleri og forgylte søyler av gull og sylv.

Tempelet portretterte Artemis med fleire bryster og synte henne fram som ei fruktbarheitsgudinne. Truleg er dette overteke frå tidlegare gudinner frå Efesos, då den greske gudinna Artemis var jomfrueleg.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnote[endre | endre wikiteksten]