Arthur Klæbo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Arthur Klæbo (6. august 190821. juli 1985) var ein norsk journalist, kåsør og forfattar. Han vart fødd i Ålesund og voks opp i Volda.

Arthur Klæbo var fyrst journalist i Den 17de Mai. Frå 1934 arbeidde han i NRK i Oslo. Her var han fyrste åra hallomann. Han var redaktør av Hallo-Hallo og av framhaldet av dette, Programbladet.

Klæbo vart etter kvart ein mykje omtykt radiokåsør. Kåseria kunne likne på ordmåleri, han brukte mange ulike ord, ein direkte talestraum, humoristiske karakteriseringar og tydelege undertonar. Om sin eigen kåseristil sa han: «Eg nyttar masse ord og fargar, nektar meg ingen ting. Det eg opplever, fortel eg så om. Inntrykka gir eit sant, realistisk bilete av miljø, folk og forhold.»

Klæbo slutta i NRK då han i 1978 nådde aldersgrensa. Same året vart han tildelt Kringkastingsprisen for nynorskbruk/ dialektbruk i media. Klæbø redigerte elles fyrste nummeret av Dag og Tid.

Av dei om lag 30 bøkene han skreiv finn ein kåserisamlingar og reiseskildringar. Dei mest kjende er truleg Farlige fjell og Ullstrømper til Afrika. Klæbo har òg skrive skodespel.

Han døydde i Oslo.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • Farlige fjell (1942). Om rasulykka i Loen i 1905 og rasulykka i Loen i 1936.
  • Alfred Maurstad. Første 25 år (Ekko forlag, 1945)
  • Arvesølvet blinkar bak glasdisken (1951)
  • Isflå. Skodespel i fire bilete (1952).
  • Dette er norsk rikskringkastning (1953)
  • God jul, granne! Ein liten julespøk (1953)
  • Ullstrømper til Afrika (1963)
  • Over alle hav (1964). Om jordomseglinga hans.
  • Eventyrhav (1965). Fortsetjing om jordomseglinga.
  • Fattigmannsfesten (1966)
  • Edvard Drabløs. Eit liv på teatret (Samlaget, 1967)
  • God kveld godtfolk (Aschehoug, 1968)
  • Harpeleiken. Fortellingar frå ein blå fjord (Lutherstiftelsen, 1973)
  • God kveld igjen (Lutherstiftelsen, 1972)
  • Dagar av mitt år (Aschehoug, 1975). Radiokåseri
  • Kringkasting i Norge 1925–1975 (1975). Medforfattar til Torolf Elster o.a.
  • Vinteren varer så lenge. Reise i vinterlandet ut mot havet (1976)
  • På eiga bølgjelengd (Gyldendal, 1977)
  • Balladen i Alstadbygda (1978)
  • Eit anna land - ei anna tid (1980). Om bygdene.
  • Nye ullstrømper til Afrika (1981).
  • Farlige fjell (1981). Ny og auka utgåve.
  • Heim – over sjø og land (1982)
  • Radioliv med Nrk i femti År (1983)
  • Fest i vest (1984)

Utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Arthur Klæbo fekk kongens fortenestmedalje i gull i 1977.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]