Artur Partyka

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Artur Partyka
Artur Partyka 2013.jpg
Fødd 25. juli 1969
Stalowa Wola
Artur Partyka på Commons
Artur Partyka i 2014

Artur Jerzy Partyka (fødd 25. juli 1969) er ein polsk tidlegare friidrettsutøvar frå Stalowa Wola som tevla i høgdehopp. Han vart europameister i øvinga i 1998, etter tidlegare å ha vunne to VM-sølv, eitt OL-sølv og eitt EM-sølv, samt ein OL-bronse og ein VM-bronse. Partyka tok medalje i sju store, internasjonale meisterskap på rad; 1992-98.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Partyka fekk ein sølvmedalje i innandørs-VM 1991 med eit hopp på 2,37 m. Same året deltok han i VM i friidrett 1991 i Tokyo og vart nummer 12. Han deltok så i OL 1992 i Barcelona og hoppa 2,34 m, eit resultat som heldt til delt bronsemedalje med Hollis Conway og Tim Forsyth.

I VM 1993 hoppa Partyka 2,37 m og tok sølvmedaljen bak Javier Sotomayor som tok seg over 2,40 m. Også i EM 1994 fekk han sølv, då med 2,33 m, to centimeter lågare enn gullvinnaren, nordmannen Steinar Hoen.

I VM 1995 i Göteborg tok Partyka endå ein medalje, då vart det bronse med 2,35 m, to centimeter under Troy Kemp og Sotomayor. Året etter vart det sølv i OL i Atlanta, gullmedaljen gjekk til USA-amerikanaren Charles Austin som svinga seg over 2,39 m. I same sesongen sette Partyka personleg rekord på 2,38 m i eit stemne i den tyske byen Eberstadt. Under VM 1997 i Aten tok han ein ny sølvmedalje, atter fann han sin overmann i Sotomayor.

Partykas siste internasjonale meisterskap vart EM 1998 i Budapest. For fyrste og einaste gong vann han gullmedaljen. Han var ein av to mann som klarde 2,34 m.

Han vart polsk meister 12 gongar på rad, 1989-2000.

Medaljar og plasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]