Asbel Kiprop

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Asbel Kiprop
Asbel Kiprop Hengelo 2009-2.jpg
Fødd 30. juni 1989
Eldoret
Yrke mellomdistanseløper, friidrettsutøvar
Asbel Kiprop på Commons

Asbel Kipruto Kiprop (fødd 30. juni 1989) er ein kenyansk mellomdistanseløpar, olympisk meister og verdsmeister på 1500 meter - distansen han oftast tevlar i. Hans personlege bestetid på 1500 meter er 3,27.72 (Monaco, 2013). [1]

Gjennombrotet til Kiprop kom i 2007, då han vann gull i terrengløp under junior-VM, vann gull på 1500 meter under dei panafrikanske leikane og debuterte i VM i friidrett 2007 i Osaka, der han kom på fjerdeplass på 1500 meter.

Asbel Kiprop OL-debuterte i sommar-OL 2008 i Beijing, og sprang heilt inn til ein andreplass på 1500 meter, bak Rashid Ramzi frå Bahrain. Då Ramzi seinare testa positivt for doping, vart OL-gullet gitt til Kiprop. Dette gjorde at Kiprop blei den yngste olympiske meisteren på 1500 meter nokonsinne. Asbel Kiprop vart verdsmeister i VM i friidrett 2011 i Daegu med tida 3,35.69. To år seinare vart han igjen verdsmeister under VM i friidrett 2013 i Moskva, der norske Henrik Ingebrigtsen kom på ein åttandeplass.

Asbel Kiprop deltok også i Sommar-OL 2012 i London, men kom ikkje lenger enn til tolvteplass i finaleløpet. Ingebrigtsen sprang derimot inn til femteplass og sette ny norsk rekord på 1500 m.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]