Asio

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Asio
Hornugle, Asio otus, Foto: Artur Mikołajewski
Hornugle, Asio otus,
Foto: Artur Mikołajewski
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Overklasse: Tetrapodar Tetrapoda
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Ugler Strigiformes
Familie: Uglefamilien Strigidae
Slekt: Asio
Brisson, 1760

Asio er ei biologisk slekt av typiske ugler i familien Strigidae. Karakteristisk for utsjånaden for slekta er at desse uglene ber fjørtufsar på hovudet som etterliknar utsjånaden til dyreøyre, men jordugla og grasugla har berre særs små «øyrefjører».

Slekta vart introdusert av den franske zoologen Mathurin Jacques Brisson i 1760 med hornugle, Asio otus, som typeart.[1] Slektsnamnet Asio er det latinske namnet på ein ugleart med øyre.[2]

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Dette er mellomstore ugler, 30-50 cm i kroppslengde med 80-103 cm i vengespenn, hoer er monaleg større enn hannfuglar. Dei er langvenga fuglar, og har rundt andlet med karakteristiske «tallerkenar» rundt auga. Dei har asymmetriske ytre øyre der høgre og venstre øyreopningar er ulike i storleik eller form eller begge delar.[3]

Asio-ugler er hovudsakleg nattlege, men dei med korte øyretufsar er også krepuskulære. Dei fleste artar hekkar på bakken, men hornugla, Asio otus, hekkar i gamle pinnereir gjort av kråkefuglar, inkludert ramnar og skjorer, samt gamle reir av ulike haukar.

Desse uglene jakter over opne marker eller grassletter, og tar hovudsakleg gnagarar, andre små pattedyr og nokre fuglar.

Asio-ugler har representantar over det meste av landområda på jorda og dessutan på øyar som Madagaskar, Hawaii, Galápagosøyane og Karibia. Unntaka er Antarktis og Australia. Jordugla har den vidaste utbreiinga, finst òg i Noreg saman med hornugla. Desse to nordlege artane er dessutan delvis trekkfuglar, rører seg sørover om vinteren frå nordområda, eller vandrar nomadisk på jakt etter betre matforsyningar i år med vanskeleg tilgang på føde. Tropiske Asio-ugler er derimot stort sett standfuglar.

Artsliste[endre | endre wikiteksten]

Asio i rekkjefølgje etter EBird/Clements Checklist v2018[4] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[5]

  • Hornugle, Asio otus, Long-eared Owl, Linné, 1758, (LC)
  • Fjellhornugle, Asio abyssinicus, Abyssinian Owl, Guérin-Méneville, 1843, (LC)
  • Gassarhornugle, Asio madagascariensis, Madagascar Owl, Smith, A, 1834, (LC)
  • Stripeugle, Asio clamator, Striped Owl, Vieillot, 1807, (LC)
  • Styksugle, Asio stygius, Stygian Owl, Wagler, 1832, (LC)
  • Jordugle, Asio flammeus, Short-eared Owl, Pontoppidan, 1763, (LC)
  • Grasugle, Asio capensis, Marsh Owl, Smith, A, 1834, (LC)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. Peters, James Lee, red. (1940). Check-list of Birds of the World. Volume 4. Cambridge, Massachusetts: Harvard University Press. s. 167. 
  2. Jobling, James A (2010). The Helm Dictionary of Scientific Bird Names. London: Christopher Helm. s. 57. ISBN 978-1-4081-2501-4. 
  3. Marks, J.S., Cannings, R.J. & Mikkola, H. (2019). Typical Owls (Strigidae). In: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (red.). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. (henta 10. april 2019)
  4. Schulenberg T.S.; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C.L. Wood; T. A. Fredericks; D. Roberson (august 2018), eBird/Clements Checklist v2018 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 7. april 2019 
  5. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. med oppdateringar i 2017. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 21.12.2017)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Asio