Aspøya i Ålesund

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Aspøy er øya midt på biletet
Aspøyskolen
Ålesund kyrkje i krysset Kirkegata og Aspegata på Aspøya

Aspøya er ei øy og ein bydel i Ålesund kommune. På 1800- og byrjinga av 1900-talet blei sundet mellom Aspøya og Brunholmen i nordaust gradvis attfylt, slik at øya og holmen i dag er heilt samanvaksne. Via Steinvågsbrua er øya bunden saman med Skarbøvik og Heissa i vest, og via Hellebrua med Nørvøya i aust. Moloen til Ålesundets ytre hamn er eit landemerke i byen ("Moljå" på folkemunne) og spring ut frå Moloveien, like nordvest om Brunholmen på Aspøya. Aspøya er ei av sentrumsøyane i Ålesund og hadde per 1. januar 2012 eit folketal på 3348.

Offentleg og privat tenesteyting[endre | endre wikiteksten]

Ålesund sentrum ligg på begge sidene av Brosundet mellom Aspøya og Nørvøya. På vestre breidda, Aspøysida av sundet, ligg det fleire hotell og restaurantar samt Jugendstilsenteret i det gamle Svaneapoteket ved Apotekertorget. Nabobygget til Svaneapoteket husa tidlegare Noregs bank, men inneheld i dag kunstmuseet KUBE. Pr. 2013 er det i alt fem hotell og pensjonat på den vesle øya, dei fleste ligg i nærleiken til Apotekertorget og Brunholmen. Tinghuset og politistasjonen ligg sentralt på øya ved Skutvika. Den store Aspøyskolen tronar som eit landemerke på ei høgd ovanfor kyrkja. Eit kvartal vest om skulebygget ligg bydelsparken Storhaugen på same høgdedrag med flotte utsiktspunkt mot Valderhaugfjorden der ein kan sjå Ellingsøya (Ålesund kommune) og Valderøya, Giske og Godøya og dei andre øyane og holmane i Giske kommune og i horisonten også øyar og holmar i andre omliggjande kommunar. Ålesund kyrkje frå 1909 er eit anna monumentalbygg på øya. Ho ligg i krysset Kirkegata/Aspegata og tilhøyrer gjenreisingsbygnaden etter bybrannen. Kyrkja er reist i Jugendstil med marmorelement og utvendig steinsetjing med stein frå EideNordmøre. Kyrkja har Noregs nest største orgel og har rike innvendige utsmykkingar.

Kommunikasjon[endre | endre wikiteksten]

Hovudgatene på øya går i aust-vestleg retning. Mest trafikkert er aksen Ivar Aasens gate-Nedre Strandgate til Hellebrua, men også Steinvågvegen-Kirkegata tverrar heile øya og munnar ut ved Hellebrua via Apotekertorget. Ein del industribedrifter er lokaliserte på nordsida av øya. Det er tidvis trafikale problem som delvis skuldast transporttrafikk til industribedriftene og delvis at heile folkesetnaden på naboøya Heissa må ta seg over Aspøya for å kome til bysentrum og vidare til dei store innkjøpssentra på Moa lenger aust i bykommenen. Dei fleste arbeidsplassane i Ålesund er òg geografisk knytte til sentrumsområda på austre Aspøya, Nørvøya, men også lenger aust i kommunen mot Moa og Spjelkavik.

Treby og murby[endre | endre wikiteksten]

Like ved kyrkja, i Aspegata, går òg hovudskiljet mellom trehusbyen i vest og murbyen aust på øya. Etter Ålesundsbrannen i 1904 blei dei nedbrente kvartala gjenreiste som murbygningar i Jugendstil. Brannen starta på Aspøya og spreidde seg austover grunna vindretninga, dimed blei ikkje dei vestlege delane av øya råka, og husa vestom Aspegata er stort sett frå tida før brannen. Også Moloveien og delar av Brunholmgata som vender mot Valderhaugfjorden, nordaust på øya, blei skåna for brannen ettersom gatene låg i le for vinden katastrofenatta i 1904.

Busetjing[endre | endre wikiteksten]

Både på Kvennaneset, den gamle tomta til Liaaen verft, i vest og ved Prestebrygga i aust er det planlagt storstilt utbyggjing av bustader og næringsverksemd. Konteinerhavna i Skutvika, midt på den sørlege breidda av øya, er planlagt flytta til Flatholmen ved Nørvøya og kan opne for fleire nye bustadtomter.

Aspøya er mellom dei tettaste folkesette øyane i Noreg med eit nokså høgt folketal på lite areal. Øya er berre 0,6 km² stor og har dimed om lag 5580 innbyggjarar per kvadratkilometer (i 2012).