Atle Hansson

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Atle Hansson
Fødd 9. oktober 1971
Os
Yrke illustratør

Atle Hansson (fødd 9. oktober 1971 i Os i Hordaland) er ein norsk illustratør, avisteiknar og webdesigner. Han er utdanna innan biletkunst ved École des Beaux-Arts du Valais i Sveits. Sjølvlært som illustratør, har arbeidd som frilansar sidan 2001. Hansson nyttar varierte teknikkar, både manuelle (akvarell, tusj, blyant, gouache, akryl) og digitale (vektor, digitalt måleri). Illustrasjonane er ofte fargesterke, uttrykksforma varierer frå enkel og humoristisk til konseptuell eller realistisk. Han er fast bidragsytar til fleire aviser og tidsskrift, og teiknar dessutan illustrasjonar til bøker, brosjyrar, katalogar, kursmateriell m.m.

Hansson står bak nettstaden Frilansinfo.no der han gjev hjelp og informasjon til frilansarar, og har dessutan skrive Frilans! En komplett håndbok for frilansere (Pourquoi Publishing, 2008). Frå 2010 har han jobba som webdesigner og vore med på å byggja opp det norske programvareselskapet Conta Systemer AS. Der vart tanken frå Frilansinfo.no om å hjelpa sjølvstendige næringsdrivande og andre småfirma vidareført, blant anna med det gratis fakturaprogrammet Conta Faktura. Conta Systemer vart i 2016 slått saman med regnskapskjeda Chimaera til Conta Group AS, der Hansson er styremedlem.

Bokillustrasjonar[endre | endre wikiteksten]

  • Elisabeth Ellingsen og Kirsti Mac Donald: Her på berget læreverk i norsk/samfunnskunnskap for vaksne innvandrarar (Cappelen, 2008)
  • Lena Fauske og Øyvind S. Bruland (red.): Førstehjelp på tur (Fri Flyt, 2007)
  • Markus Landrø: Skredfare - handbok om snøskred for frikøyrarar (Fri Flyt, ny utgåve 2007)
  • Eva Finsvik Andersen og Blanca Bali: Anflug 2 læreverk i tysk for videregående skule. (Cappelen, 2007)
  • Eva Finsvik Andersen og Blanca Bali: Ankunft 2 læreverk i tysk for videregående skule. (Cappelen, 2007)
  • Magnus Buflod, Knut Anders Sannes og Kristoffer Aasebø: Paragraf 1 rettslære for videregående skule. (Cappelen, 2007)
  • Erling Kagge og Leif A. Dramstad (red.): Barnas Store Sangbok (JM Stenersens Forlag, 2005) (med Thorbjørn Egner, Kristin Granli, Paul René Gauguin, m.fl.)