Paul René Gauguin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Paul René Gauguin
Fødd 27. februar 1911
København
Død

14. februar 1976
Spania

Yrke journalist, illustratør, kunstmålar, scenograf, omsetjar, grafikar, bilethoggar

Paul René Gauguin (27. januar 191114. februar 1976) var ein norsk biletkunstnar og omsetjar som var sentral innanfor den retninga den norske tresnittskulen i norsk grafikk.[1] Han blei særleg kjend for sine fargetresnitt av dyr, menneske og fabeldyr.[2]

Liv[endre | endre wikiteksten]

Paul René Gauguin var fødd i København av Pola Gauguin, den dansk-franske sonen av Paul Gauguin, og norske Ingrid Stoltz Blehr. Familien budde i Noreg frå han var fire, og budde i Oslo med sommaropphald på Sørlandet. Familien flytta til Provence i 1924, og Gauguin tok examen artium ved Lycée Pierre Corneille i Rouen i 1930.

Etter å ha arbeidd for Dagbladet ei tid la Gauguin ut på sykkeltur gjennom Europa. Ei ferd i 1932 enda på Ibiza, der han blei verande i oppimot tre år og livnærte seg gjennom småsal og strøjobbar. I denne tida lærte Gauguin seg å utføra tresnitt. Han dykka og fiska og samla inntrykk han kom til å bruka seinare i kunsten sin. Seinare i livet fekk han fleire inntrykk frå Spania, Italia, Hellas, Egypt, Tahiti og Marquesasøyane.[3]

Gauguin ønskte ikkje å studera ved kunstskular, men var stort sett sjølvlært. Han byrja å måla i Barcelona og Paris. Ei tid samarbeidde han om keramikk med Picasso.[3] Han debuterte som kunstnar i Noreg ved Haustustillinga i 1936, men drog deretter til Spania for å dekka den spanske borgarkrigen som Dagbladet-reportar.[4]

Gauguin beherska ei rekkje språk, og hadde talent som omsetjar. Han omsette fleire verk til norsk, særleg frå fransk. Frå 1939 til 1945 dreiv Gauguin med scenografi ved Unge Trøndelag Teater. Seinare bidrog han til scenografi og omsetjing ved Nationaltheatret, Folketeatret og Deutsches Schauspielhaus i Hamburg.[4]

Under andre verdskrigen verka han som soldat og motstandsmann.[3] Etter krigen var han knytt til kommunistavisa Friheten og den norske venstresida.[4]

Ei grafikkutstilling ved Galleri Per i Oslo i 1947 gav han eit kunstnarisk gjennombrot, og Gauguin fekk ei leiande rolle i den norske tresnittskulen.[4] Han blei kjend for eit vidt publikum gjennom illustrasjonar av fleire av Inger Hagerup sine barnediktbøker.

På 1950-talet slo han seg ned i Danmark,[4] der han skipa ein verkstad i Tessebølle på Sjælland.[3] Han dekorerte OL-bygget Hotell Viking i Oslo i 1953-54, hurtigruteskipet «Nordstjernen» for Bergenske Dampskipsselskap i 1956 og det tyske turistfartøyet «Die bunte Kuh» i 1957.[4]

På 1960-talet byrja Gauguin å interessera seg for nye kunstformer som collage og materialbilde.[4]

Paul René Gauguin var gift tre gonger, med Emmy Paasche-Aasen i 1934, Bonne Winter-Hjelm Jelstrup i 1941, Martha Poulsen i 1951. Dei to første ekteskapa blei oppløyste. Han døydde medan han var på reise i Spania i 1976.[3] Ei diktsamling, Et annet land i sikte, kom ut posthumt.[1] Den første norske separatutstillinga til Gauguin bli gjennomført i 1981 av enkja Martha, då 107 objekt blei vist ved Nationalmuseet.

Verk[endre | endre wikiteksten]

Tidlege verk av Gauguin hadde politiske tema. Det første viktige fargetresnittet hans, Barcelona (1939-42), hadde motiv frå den spanske borgarkrigen. I 1948 laga han verka Protest, Hellas og Shalome Israel. Masken frå 1949 var ein protset mot NATO.

Frå 1950-talet blei kunsten hans meir poetisk med landskap, figurscenar og mytologiske motiv.[4] Han laga sine første Inger Hagerup-illustrasjonar, til Så rart, i 1950. Gjennomgåande motiv i kunsten hans var dyr og insekt, gjerne inspirert av reiseerfaringane hans, som med sjøliv ved Middelhavet. Piken fra Samos, Fra Athen og Steinbærerskene frå 1958 kan minna om dekorerte greske vasar. Han eksperimenterte mykje med trykkteknikk og materiale.[4] Til dømes dreiv han med silketrykk, la på metallfolie etter trykking og overtrykka.[3]

Frå 1960-talet laga Gauguin materialbilde, metallskulpturar og kollasjar som kunne vera humoristiske og dekorative. Dei var ofte abstrakte, men kunne minna om menneske, dyr, fuglar og insekt.[4]

Gauguin var inspirert av Vincent van Gogh som ungdom. Seinare var ideala hans Georges Braque og Max Ernst. Nokre av verka hans kan minna om Klee, Miró og Robert Jacobsen.[3]

Paul René Gauguin er representert ved Nasjonalgalleriet, Riksgalleriet og Bergen Billedgalleri i Noreg, Statens Museum for Kunst i København, Nationalmuseum i Stockholm, Bibliothèque Nationale i Paris, Victoria and Albert Museum i London, Landesmuseum i Würtzburg og Kupferstichkabinett i Tyskland, Tel-Avivs museum, Cleveland Museum i Ohio og Musée Gauguin på Tahiti.[3]

70 verk av Gauguin blei selde på auksjon av Vera Olson ved Galleri Vera til inntekt for sjukehus i Irak i 2003.[5]

Verk[endre | endre wikiteksten]

Bilde[endre | endre wikiteksten]

(utval)

  • Barcelona, 1939–42
  • Protest, Hellas, 1948
  • Shalome Israel, 1948
  • Øyenstikkere, 1948
  • Bøygen, 1949
  • Masken, 1949
  • Russisk ungdom, 1949
  • Gresshoppen og mauren, 1949
  • Havhest, 1949
  • Pøbbel, 1949

Utsmykking[endre | endre wikiteksten]

  • Hotel Viking i Oslo, 1953–54
  • Skipet «Nordstjernen», Bergen, 1956
  • Skipet «Bunte Kuh», Hamburg, 1957

Bøker[endre | endre wikiteksten]

  • Ivar Lissner: Mennesker og makter omkring Stillehavet, Oslo 1942 (bokutstyr)
  • Stendhal: Rødt og svart, Oslo 1944 (omsetjing og bokutstyr)
  • Inger Hagerup: Så rart -, Oslo 1950 (illustrasjonar)
  • Ingr Hagerup: Lille Persille, Oslo 1961 (illustrasjonar)
  • Inger Hagerup: Den sommeren, Oslo 1971 (illustrasjonar)
  • Et annet land i sikte, Aschehoug, 1976 (dikt og illustrasjonar, tilrettelagt posthumt av Inger Hagerup og Jan Bull)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Paul_René_Gauguin» i Store norske leksikon, snl.no.
  2. «Paul René Gauguin», Den Store Danske
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 3,5 3,6 3,7 Holager, Helen. «Paul René Gauguin» (3. juli 2013), Norsk kunstnerleksikon, 1982-1986.
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 4,4 4,5 4,6 4,7 4,8 4,9 Nils Messel (13. februar 2009). «Paul René Gauguin». Norsk biografisk leksikon. 
  5. 'Gauguin' sale aids Iraq hospital fra BBC (21.3.2003)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

  • Askeland, Jan: «Gauguin», i Jesper Engelstofr (Red.): Gyldendals leksikon over moderne nordisk kunst, Gyldendal norsk forlag Oslo 1958, s. 69-70.
  • Flor, Harald: «Linjer i nyere norsk grafikk», i Dag Fyri (Red.): Norske grafikere i dag, Oslo, Tanum-Norli forlag 1979, s. 7-32.
  • Helliesen, Sidsel: «Fargetresnittskolen», i Norsk grafikk gjennom 100 år, Aschehoug forlag 2000, s. 169-182.
  • Nasjonalgalleriet: Norsk kunstnerleksikon, Oslo, Universitetsforlaget 1986.
  • Rude, Rolf: «Fargetresnitt», i Kunsten idag 1947-48, vol. 1, nr. 3, s. 20-29.
  • Østby, Leif: Ung norsk malerkunst, Oslo, Mittet & Co forlag 1949, s. 265.