Attalea maripa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Attalea maripa
Attalea maripa
Attalea maripa
Status
Status i verda: LC Livskraftig
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Palmeordenen Arecales
Familie: Palmefamilien Arecaceae
Underfamilie: Arecoideae
Stamme: Cocoseae
Slekt: Attalea
Art: A. maripa
Vitskapleg namn
Attalea maripa

Attalea maripa, også kjend som maripapalme, er ein palme frå tropisk Sør-Amerika og Trinidad og Tobago.[1] Treet kan bli opptil 35 meter og kan ha blad på opptil 10–12 meter. Det har ei gul frukt som kan etast. Ein kan også vinna ut planteolje frå fruktkjøtet og frøkjerna.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Attalea maripa er ein stor palme som når ei høgd på 3,5–20 meter. Stammane kan ha ein diameter oå mellom 20 og 33 cm, men kan bli opptil 100 cm. Trea har 10-22 blad med lange bladstilkar.[2] Fruktene er store og brune[2] eller gule med ei lengd på 5–6,5 cm.[3] Kvar frukt har 2–3 frø som er 4–6 cm lange og har ein diameter på 2,5–3 cm.[2] Eit tre kan ha 1-4 fruktstandar som kan omfatta fleire hundre til over 2000 frukter.[3]

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Huaoraniar frå Oriente i Ecuador et fruktjøtet (mesokarpen) og bruker bladstilk og bladaksar til å laga blåserøyrpiler og sovematter, bladstilkar til faklar, blada til opptenning og stammane til ved.[4] I tillegg til å bruka palmen til mat bruker kayapófolk frå Brasil han som ei saltkjelde, og verdset han fordi han tiltrekk seg ville dyr.[5] Blada blir også brukt til taktekking.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Attalea maripa». Germplasm Resources Information Network (GRIN) (Agricultural Research Service (ARS), United States Department of Agriculture (USDA)). Henta 16. juni 2019. 
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 Henderson, Andrew; Gloria Galeano; Rodrigo Bernal (1995). Field Guide to the Palms of the Americas. Princeton, New Jersey: Princeton University Press. ISBN 0-691-08537-4. 
  3. 3,0 3,1 Fragoso, Jose M. V. (1997). «Tapir-Generated Seed Shadows: Scale-Dependent Patchiness in the Amazon Rain Forest». Journal of Ecology (British Ecological Society) 85 (4): 519–29. JSTOR 2960574. doi:10.2307/2960574. 
  4. Macía, Manuel J. (2004). «Multiplicity in palm uses by the Huaorani of Amazonian Ecuador». Botanical Journal of the Linnean Society 144 (2): 149–59. doi:10.1111/j.1095-8339.2003.00248.x. 
  5. Posey, Darrell Addison (1985). «Indigenous management of tropical forest ecosystems: the case of the Kayapó indians of the Brazilian Amazon». Agroforestry Systems 3 (2): 139–58. doi:10.1007/BF00122640.