August III av Polen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
August III av Polen
King Augustus III of Poland.jpg
Konge av Polen; Kurfyrste av Sachsen
Regjeringstid 1734 til 5. oktober 1763
Fødd 17. oktober 1696
Fødestad Dresden i Sachsen
Død 5. oktober 1763
Dødsstad Dresden
Gravlagd Katholische Hofkirche i Dresden
Føregjengar Stanisław Leszczyński
Fredrik August I
Etterfølgjar Stanisław August Poniatowski
Fredrik Kristian
Gemalinne Maria Josefa av Austerrike
Dynasti Huset Wettin
Far August II den sterke
Mor Kristiane Eberhardine av Brandenburg-Bayreuth

August III (fødd 17. oktober 1696 i Dresden, død 5. oktober 1763 i Dresden), kjend som saksaren, var kurfyrste av Sachsen i 1733-1763 som Fredrik August II og konge av Polen og storhertug av Litauen frå 1734 til 1763. Han oppnådde aldri noko særleg makt i Polen, der russarane kom til å dominere og landet vere svekka av indre strid, medan han i Sachsen overlet det meste av den reelle makta til statsministeren sin grev Brühl. Regjeringa hans førte til ei kraftig svekking av makta til saksarane, ikkje minst gjennom innblandinga i den austerrikske arvefølgjekrigen og sjuårskrigen.

Fürstenzug in Dresden - August II. und III.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Han tilhøyrte det tyske Huset Wettin og var son av August den sterke og Kristiane Eberhardine av Brandenburg-Bayreuth. August brydde seg lite om politikk og var heller oppteken med å arrangere jakt, gå i operaen samt konsentrere seg om sine omfangsrike kunstsamlingar (Dresdner Gemäldesammlung), som er det han i dag er mest hugsa for. Han var òg ein stor familiemann.

Kurfyrsten var med Austerrike og Russland si støtte og dei vanlege mutingar vorte vald til konge av Polen, noko som utløyste den polske arvefølgjekrigen. August III vart krona 17. januar 1734 og gjekk opp på trona ved freden i Wien i 1735.

August III i polsk drakt. Måleri av Jan Matejko

Han var i Polen ein ineffektiv monark med manglande politiske interesser (han overlet styringa til statsministeren sin Heinrich von Brühl) og regjeringstida hans er kjenneteikna av kulturforfall og anarki og Polen vart mindre viktig i Europa. Fredrik II av Preussen fylte Polen opp med falsk valuta og bortførte polske menn til den prøyssiske hæren sin. Regjering til August i Polen var på grunn av striden mellom magnatgruppene Czartoryski og Potocki i riksdagen (Sejmen) lite viktig. Nesten alle riksdagar var resultatlause på grunn av vetoretten alle adelsmenn hadde (Liberum Veto) som lamma landet og kongeriket Polen gjekk i aukande grad i oppløysing. Eit døme var kongen og storkanslaren sine ønske på riksdagane i 1744 og 1746 om forsiktige reformer i næringslivet og militærsektoren. Det var derimot umogeleg å få samla dei to stridande magnatpartia ved same bord for å diskutere forslaga. Til slutt mislukkast dei i riksdagen. Utan fungerande riksdagar trong ministrane heller ikkje å avlegge rekneskap, noko som førte til omfattande korrupsjon i det polske embetsverket.

På grunn av denne situasjonen ønska kongen og statsministeren hans grev Heinrich von Brühl å halde Polen over vasshøgd med Sachsen-lojale magnatar som vart plassert i nøkkelposisjonar og forbinde landa i større grad politisk. Dei klarte under sjuårskrigen å få tilslutning for eit fornya saksisk tronkandidatur, men suksessen var ikkje varig.

I Sachsen førte Heinrich von Brühl († 1763) etter styrtinga av Sulkowski frå 1738 til 1756 regjeringa aleine, frå 1746 som statsminister. Han hadde liten kunnskap om økonomi og næringsliv, men var ein dyktig diplomat og styrkte statsforvaltninga. På grunn av den dårlege finanspolitikken hans vart han derimot skarpt angripe i landdagen 1749. Sachsen opplevde ei økonomisk krise som vart prøvd løyst ved legge harde skattebyrder, særleg på statens næringsliv.

Under sjuårskrigen vart Sachsen okkupert i 1756. Den alt for vesle saksiske arméen under grev Friedrich August Rutowski overgav seg utan kamp i Lilienstein, medan August III og hoffet hans reiste til Warszawa, det han vart verande i politisk avmakt til krigen var over. Sachsen, som vart forvalta av Preussen og enkelte av August sine kabinettsministrar, vart til krigsskodeplass og leid under høge krigsskattar som vart pålagt innbyggjarane. Sachsen finansierte utan tvil ein stor del av dei prøyssiske krigskostnadane (Sachsen ist wie ein Mehlsack, egal wie oft man draufschlägt, es kommt immer noch etwas heraus. - Sachsen er som ein sekk med mjøl, uansett kor ofte du ristar kjem det framleis noko ut). Hovudstaden Dresden vart omleira av Fredrik den store i 1760 og vart sterkt skadd under den prøyssiske omleiringa.

Då sjuårskrigen var over ved Hubertusburg-traktaten i 1763, var det inntil nyleg særs velståande Sachsen ruinert, noko hoffet hadde vanskeleg for å akseptere. Sachsen kunne heller ikkje lenger øve noko påverknad over det polske kongevalet. Då August III døydde gjekk den saksisk-polske personalunionen i oppløysing.

Viktige byggverk i Sachsen oppført av August[endre | endre wikiteksten]

  • Schloss Hubertusburg
  • Katholische Hofkirche, Dresden

Viktige byggverk i Warszawa oppført av August[endre | endre wikiteksten]

  • Pałac Saski (Sächsisches Palais) (sprengt av tyskarane 1944 under Warszawa-oppreisten, gjenoppbygd i 2009)
  • Pałac Bruhla (Palais Brühl) (sprengt av tyskarane 1944 under Warszawa-oppreisten, planlagt gjennoppbygd)

Etterkomarar[endre | endre wikiteksten]

Friedrich August II. var gift med Maria Josefa av Habsburg (1699-1757), dotter av den tysk-romerske keisaren Josef I (1678-1711). Dei hadde borna:

Kjelder[endre | endre wikiteksten]