Báben

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Báben
Báb's repentance in E.G. Browen's book.jpg
Fødd 20. oktober 1819
Shiraz
Død

9. juli 1850
Tabriz

Yrke geistleg, predikant, Manifestation of God
Báben på Commons

Siyyid Ali-Muhammed (20. oktober 18199. juli 1850), kjend og dyrka som Báb eller Báben, var ein iransk martyrprofet som grunnla babismen og inspirerte den seinare religionen bahai.

Siyyid Ali-Muhammed blei fødd inn i ein muslimsk kjøpmannsfamilie i den persiske byen Shiraz. Han stamma frå profeten Muhammed på både mor- og farssida. I 1842 gifta han seg med Khadíjih-Bagum (1820–1882).

Rundt 1839–40 drog Ali-Muhammed på pilegrimsreise til Irak, hovudsakleg til Karbala. Her møtte han truleg leiaren for shaykhismen, Sayyid Kázim, og høyrde den shaykhistiske læra, som kombinerte sufi og sjialære om endetidene og dagen for oppstoda. Då Kázim døydde i 1843 skulle dei som følgde han leita etter etterfølgjaren hans. Ein av dei, Mullá Husayn, drog til Shiraz og møtte Ali-Muhammed. Denne erklærte at han var etterfølgjaren, og etter å ha prøvd han godtok Husayn dette. I løpet av dei neste fem månadane blei også 17 andre shaykhistar overtydde om at han var etterfølgjaren.

Heilagdom for Báben i Haifa.

23. mai 1844, tjuefire år gammal, erklærte Ali-Muhammed seg offentleg som qa'im (ein lova muslimsk frelsar). Han tok tittelen báb, arabisk for 'port', fordi han skildra seg som porten til den lova frelsaren. Sekta som oppstod rundt han blir kalla bábismen.

Etter ei pilegrimsreise til Mekka og Medina slo Báben seg ned i Bushehr i Persia. Han blei fengsla for den nye læra, og flytta rundt i landet. I 1848 blei han stilt for ein religiøs rett og dømd som ein fråfallen. Han fekk tjue piskeslag på føtene som straff, og tok ifølge styresmaktene tilbake erklæringa si om at han var den lova qaimen.

I 1850 gav den nye statsministeren Amir Kabir ordre om å avretta Báben. Han blei henta frå Chihríq til Tabríz der han blei skoten på andre forsøket. Det første forsøket, som skal ha kappa av taua han var bunden med utan å skada Báben, blir rekna som eit under av dei som følgjer han. Kroppen til han og bábien Anís, som var blitt avretta med han, blei kasta utanfor byporten. Bábiar fann leivningane og gøymde dei.

Bahaullah, grunnleggaren av bahai, blir rekna som etterfølgjaren til Báben. Dei blei smugla ut av landet i delar, og i 1909 blei dei gravlagde på Karmelberget i Haifa, nær bahaiverdssenteret.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]