Bærumsbanen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ein såkalla Gullfisk, ein type trikk som vart mykje nytta på Bærumsbanen, ofte i tog av to samankopla vogner. Fotografiet er frå 2009 og syner ei vogn som har vorte teke vare på.
Ei av Kolsåsbanens vogner. Farga på Kolsåsbanens vogner var mørkeblått.

Bærumsbanen var ei tidlegare trikkelinje mellom Skøyen i Oslo og området Kolsås i Bærum kommune, nedanfor Kolsåstoppen. Banen vart bygd ved at Lilleakerbanen (strekninga Skøyen-Lilleaker), som var ein del av trikkelinjenettet i Oslo, vart lengd til Bekkestua i Bærum over Jar i Bærum, opna 1. juli 1924, fram til Haslum i Bærum 1. november 1924, og fram til Kolsås i 1930.

Etter at ei linje vart bygd mellom haldeplassen på Jar og dåverande Sørbyhaugen haldeplass på Røabanen i Oslo, opna 15. juni 1942, vart det oppretta samband mellom Kolsås og Nationaltheatret stasjon i Oslo sentrum over Majorstua med større og tyngre forstadsbanevogner, dåtidas T-banevogner, og namnet Kolsåsbanen vart nytta om heile strekninga frå Sørbyhaugen til Kolsås. Bytrikken over Lilleakerbanen byrja då å snu på haldeplassen på Jar, men kunne framleis nytte heile strekninga fram til Kolsås, til dømes i tider på dagen då trafikken var stor, sidan haldeplassene hadde perrongar i ulike høgder for kvar av dei to vogntypane. Båe vogntypane vart dessuten vedlikehaldne ved Bærumsbanens verkstad på Avløs i Bærum.

Bærumsbanen og verkstaden på Avløs vart opphavleg drivne av det private aksjeselskapet A/S Bærumsbanen, skipa i 1924, utgått frå selskapet Kristiania Elektriske Sporvei. Men allereie i 1930-åra hadde A/S Oslo Sporveier teke over aksjemajoriteten i A/S Bærumsbanen, og tok over resten av aksjane i 1944. Men formelt vart ikkje A/S Bærumsbanen oppløyst før i 1971.

Lilleaker-Østensjøbanen[endre | endre wikiteksten]

A/S Bærumsbanen tok i 1937 over drifta av Østensjøbanen, ein forstadbane på den andre sida av sentrumsområdet i Oslo, og kopla Lilleakerbanen og Bærumsbanen til Østensjøbanen ved å etablere eit samband tvers gjennom byen, via Etterstad i Oslo, over trafikkknutepunktet Jernbanetorget framfor Oslo Ø, og vidare over Skøyen ut til Jar, tidvis heilt fram til Kolsås. Dette ruteopplegget fekk namnet Lilleaker-Østensjøbanen.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]