Kolsås

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Kolås
fjell
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Akershus
Kommune Bærum kommune
Høgd 387 moh.

Kolsås er ein ås i Bærum kommune i Akershus fylke. Åsen endar i stup mot sør. Herfra er det en god utsikt over østre Bærum, Asker, Oslo, Oslofjorden og områda lenger unna. Namnet Kolsås kjem av kol og ås. Kolsås har to toppar: Nordre Kolsås (387 moh.) og Søndre Kolsås (342 moh.). Kolsås ligg i eit landskapsvernområde, sjølve stupa og tre andre område i nærleiken er naturreservat. Kolsås er eit populært turområde.

Geologi[endre | endre wikiteksten]

Geologisk er Kolsås en del av Oslofeltet og har ein særs interessant geologi. Det er truleg den mest besøkte lokaliteten i Noreg.

Klatring i Kolsås[endre | endre wikiteksten]

Kolsås har det største klatrefeltet i Oslo-området. Klatringa skjer mest i sørveggen. Sørveggen av Kolsås har to bratte veggar over kvarandre, med noko skog i mellom. Nedre Sydstup blei klatra første gong på byrjinga av 1900-talet. I dag er Øvre Sydstup mest populært, med over 200 ruter med ulike vanskar. Kolsås har ein eigen klatreklubb, Kolsås Klatreklubb.

Kolsåsbanen[endre | endre wikiteksten]

I 1930 blei Bærumsbanen forlenga til Kolsås. A/S Bærumsbanen var då eit eige selskap, oppretta i 1924. I 1944 blei Bærumsbanen innlemma i Oslo Sporveier, og strekninga frå Nationaltheatret stasjon til endehaldeplassen Kolsås fekk namnet Kolsåsbanen.

Stasjonane på Gjettum og Hauger er greie utgangspunkt for turar på Kolsås.

Kolsås leir[endre | endre wikiteksten]

Kolsås leir har eit stort fjellanlegg. Tidlegare var dette tilhaldsstaden for NATOs nordkommando. Etter at den kalde krigen var over flytta NATO ut og m.a. FLO (tidlegare Hærens forsyningskommando) og Akershus Kommandantskap tok over leiren.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]