Bakteriofag T4

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Bakteriofag T4
Bakteriofag T4
Bakteriofag T4
Systematikk
Rike: Virus Virus
Orden: Caudovirales
Familie: Myoviridae
Underfamilie: Tevenvirinae
Slekt: T4likevirus
Art: Bakteriofag T4 Enterobacteria phage T4
Vitskapleg namn
Enterobacteria phage T4

Bakteriofag T4 er ein bakteriofag som snyltar på Escherichia coli. Han har eit dobbelttråda DNA-genom på 168 903 basepar med 274 opne leserammer. Genomet kodar for kring 300 genprodukt, av desse meir enn 40 strukturelle protein, noko som gjer T4 til ein av dei mest kompliserte kjende bakteriofagane.

T4 har eit 1150 ångstrøm langt og 850 Å breitt hovud med utbulande topp og botn. Halen er 1000 Å lang, 210 Å i diameter og endar i ei grunnskive med ein diameter på 460 Å. Langre trådar med ei lengd på 1450 Å er feste til skiva, i tillegg til nokre korte trådar.

Dei lange trådane feste til grunnskiva kjenner att E. coli-seller. T4 ankrar seg so til E. coli-selleyta med dei korte trådane feste til grunnskiva; desse bind seg irreversibelt til lipopolysakkarid i selleyta. Ei nål danna av genprodukt 5 (gp5), ofte kalla halelysozymet, får hòl på den ytre sellemembranen til E. coli og meltar deretter peptidoglykanet i selleveggen. Bakteriofaghalen kan då nå heilt inn til den indre sellemembranen, og DNA-et går til sist truleg gjennom ein viss reseptor i denne.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]