Jean Tigana

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Jean Tigana
Jean Tigana cropped.jpg
Jean Tigana i 2012
Personleg informasjon
Fullt namn Jean Amadou Tigana
Fødselsdato 23. juni 1955 (64 år)
Fødestad Bamako i Fransk Sudan
Høgd 1.68 m
Posisjon Midtbanespelar
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1975-1978 Toulon 76 (10)
1978-1981 Lyon 104 (15)
1981-1989 Bordeaux 251 (11)
1989-1991 Marseille 56 (0)
Totalt 487 (36)
Landslag
1980-1988 Frankrike 52 (1)
Trenar for
1993-1995 Lyon
1995-1999 Monaco
2000-2003 Fulham
2005-2007 Beşiktaş
2010-2011 Bordeaux
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga

Jean Amadou Tigana (fødd 23. juni 1955) er ein fransk tidlegare fotballspelar, fødd i Bamako i Mali og oppvaksen i Marseille. Han vart europameister med Frankrike i 1984 og vann seks nasjonale meisterskap med Girondins Bordeaux.

Klubbspel[endre | endre wikiteksten]

Tigana fekk proffkontrakt med SC Toulon i 1975 og spelte på laget i tre år. Der etter vart det også tre år i Olympique Lyon, før han i 1981 vart overført til Girondins Bordeaux. Tigana kom til å spele Girondins si midtbane i åtte år og var med på å vinne tre ligagull og to cup-pokalar. I 1989 gjekk han vidare til Olympique Marseille. Etter to sesongar på laget frå heimbyen la han opp våren 1991.

Landslagsspel[endre | endre wikiteksten]

Tigana var fransk landslagsspelar frå 1980 til -87 og spelte i alt 52 landskampar. Han deltok i fotball-VM 1982 og i EM 1984 på heimebane. Her var han med på laget som vann EM-finalen med 2-0 over Spania. To år seinare var han med i alle sju kampane Frankrike spelte under VM 1986 iMexico, der han i kampen mot Ungarn skåra sitt einaste landslagsmål. Meisterskapen enda med bronse til Frankrike. Både då og tidlegare var Tigana på landslaget ein av spelarane i gruppa som franskmennene kalla «det magiske kvadratet». Michel Platini, Luis Fernández og Alain Giresse var dei andre i le Carré Magique.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • Europameister: 1984 med Frankrike
  • VM-bronse: 1986 med Frankrike
  • Fransk seriemeister: 1984, 1985 og 1987 med Girondins Bordeaux
  • Fransk cupmeister: 1986 og 1987 med Girondins Bordeaux

Kjelder[endre | endre wikiteksten]