Bandura

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Bandura
Stamp 2011 Bandura crop.png
Andre namnukrainsk Бандура
Klassifiseringverkelege bordsiterar med resonanskasse, plucked necked box lute
Hornbostel-Sachs klassifisering321.322-5, 314.122

Bandura er eit luttliknande strengeinstrument som stammar frå det som i dag er Ukraina. Det har seks strenger over gripebrettet og seks eller fleire strenger ved sida av. Halsen er kort og har to skruerader, kroppen er oval med kvelvd botnen og plant lok.

Ordsoge[endre | endre wikiteksten]

Den eldste kjende omtalen av bandura går attende til ei polsk krønike frå 1441, der det blir nemnt at den polske kongen Sigismund III hadde ein bandurist av ukrainsk opphav ved hoffet sitt.

Ein trur omgrepet «bandura» kant ha kome inn i ukrainsk via polsk, anten frå latin eller frå det greske pandora eller pandura, sjølv om visse forskar meiner at det blei innført direkte frå gresk.

Ordet kobza blir ofte nytta som synomyn til bandura, og omgrepa har blitt nytta om kvarandre fram til midten av 1920-talet. Av og til finn ein også det kombinerte omgrepet kobza-bandura, men sjeldan i talespråk.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Bruk av luttliknande instrument i områda som no utgjer Ukraina kan førast attende til år 591. Då skreiv ein bysantinsk-gresk kronikør om bulgarkrigarar som hadde med seg luttliknande instrument kalla ”kithara”.

Banduraen stammar opphavleg frå orienten. I løpet av mellomalderen blei han spreidd til Sør-Europa, og på 1400-talet spreidde han seg til Aust-Europa.[1]

Instrumenta blei populære blant den austeuropeiske adelen, og ukrainske banduraspelarar er nemnde fleire stader i både Russland og Polen. Keisarinne Elisabet av Russland (dotter til Peter den store) var i løyndom gifta med den ukrainske hoffbanduristen sin, Aleksej Razumovskij.

Bruken av instrumentet gjekk tilbake blant adelen med innføringa av vestlege musikkinstrument og musikkmote, men det blei verande eit favorittinstrument blant dei ukrainska kosakkane.

Utvikling[endre | endre wikiteksten]

Oppfinninga av instrumentet blir tilaggt den italienske luttkomponisten Francesco Landini. Sjeldne ikonografiske bevis (av artistar som Alessandro Magnasco) viser han framleis i bruk i Italia rundt år 1700. Liknande instrument er blitt dokumentert i Veslerussland i det føregåande hundreåret.

I hendene på dei zaporogiske kosakkane gjekk banduran gjennomg betydelege endringar, på grunn av utviklinga av eit særskilt repertoar. På grunn av den primære rolla si som akkompagnement til den episke songtypen duma blei utforminga tilpassa denne funksjonen.

1700-talet blei instrumentet utvikla til ei form med 4–6 strenger over eit gripebrett med eller uten band og opptil 16 diskantstrenger i ein diatonisk skala over loket. Banduran heldt på denne forma fram til slutten av 1800-talet.

Banduraen gjekk gjennom store endringar på 1900-talet parallelt med utviklinga av ukrainsk nasjonalisme og fridomsrørsle. Sanksjonar innførte av den russiske regjeringa i 1876 avgrensa bruken av det ukrainske språket kraftig, noko som fekk til følgje at òg bruken av banduran som konsertinstrument gjekk tilbake.

På 1900-talet fekk banduran ein renessanse og interessa for instrumentet auka, ikkje minst blant studentar og intellektuelle.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Carlquist, Gunnar: Svensk uppslagsbok. Bd 2, Svensk uppslagsboks förlag AB, Malmö 1929, s. 1262. 
  • Bra Leksikonet av bøker, 1973