Barbara McClintock
Barbara McClintock (16. juni 1902–2. september 1992) var ein amerikansk genetikar. Den mest kjende oppdaginga til McClintock er dei såkalla hoppande gena (transposonar) hos mais. Ho fekk nobelprisen i fysiologi eller medisin i 1983. Ho er den einaste kvinnelege eine-mottakaren av nobelprisen i denne kategorien.[1]
I 1986 vart McClintock votert inn i National Women's Hall of Fame.
Liv og virke
[endre | endre wikiteksten]Bakgrunn
[endre | endre wikiteksten]Barbara McClintock var fødd i Hartford i Connecticut som Eleanor McClintock , det tredje av dei fire barna til lækjaren Thomas Henry McClintock og Sara Handy McClintock.[2] Allereie i tidleg alder var ho sjølvstendig, ein eigenskap som McClintock sjølv seinare skildra som evna hennar til å vere einsam. Frå om lag tre års alder til ho byrja på skulen budde McClintock hos tanta og onkelen sin i Brooklyn i New York for å minske den finansielle byrda på foreldra medan faren etablerte den medisinske praksisen sin. Ho vart skildra som eit avskilt og sjølvstendig barn og som guteaktig. Ho stod faren nær, men hadde eit komplisert forhold til mor si.[3]
McClintock gjennomførte Erasmus Hall High School i Brooklyn der ho interesserte seg for naturvitskap.[4] For å kunne halde fram med studiane sine byrja ho i 1919 på Cornell University.
Genetisk forsking
[endre | endre wikiteksten]McClintock disputerte i 1927 som Ph.D. i botanikk ved Cornell University, der ho seinare skulle leie forskinga innan cytogenetikken til mais,[5] det området som skulle dominere forskarkarrieren hennar. Frå det seine 1920-talet studerte McClintock kromosom og forandringane dei gjennomgår når mais reproduserer seg. Ho utvikla metodar for å synleggjere kromosom hos mais og kunne ved å studere desse i mikroskop påvise fleire fundamentale genetiske mekanismar, som genetisk rekombinasjon ved overkrossing i meiosen, mekanismen ved danninga av kjønnsceller der kromosoma kan utveksle informasjon.
McClintock skapa det fyrste genetiske kartet for mais basert på lenka gen, som sit så nære kvarandre at dei som oftast vert arvde saman. Ho kopla også delar av kromosoma til fysiske eigenskapar og viste funksjonane til telomerane og centromerane, som er viktige for korleis informasjonen vert bevart og ført vidare. McClintock mottok fleire stipend så vel som at ho vart vald i National Academy of Sciences i 1944.
I 1940- og 1950-åra oppdaga McClintock transposonet, som ho utnytta til å vise korleis gena påverkar fysiske eigenskapar. Ho utvikla teoriar for å forklare korleis gen kan «stengjast av» eller «setjast på» mellom forskjellige generasjonar hos maisplanta. Etter at forskinga hennar og implikasjonane av henne vart møtt med skepsis, slutta ho i 1953 med å publisere resultata sine.
Seinare gjennomførte McClintock eit omfattande cytogenetisk og etnobotanisk studium på maisrasar frå Sør-Amerika. I 1960- og 1970-åra fekk forskarverda stadig større forståing for forskinga til McClintock. No kunne forskarar nøyare vise korleis mekanismane bak genetiske forandringar og genregulering fungerer, mekanismar som McClintock tidlegare hadde observert hos mais i forskinga si i 1940- og 1950-åra.
For arbeidet sitt vart McClintock tildelt fleire prisar, mellom anna nobelprisen i fysiologi og medisin i 1983 for oppdaginga av transposonar.
Seinare år
[endre | endre wikiteksten]Etter nobelpristildelinga verka McClintock som leiar og forskar ved Cold Spring Harbor Laboratory på Long Island i New York. Ho døydde av naturlege grunnar i Huntington i New York i 1992, 90 år gammal. Ho gifta seg ikkje, og hadde ingen barn.[6][7]
Publikasjonar
[endre | endre wikiteksten]- McClintock, B. (1929). «A Cytological and Genetical Study of Triploid Maize». Genetics 14 (2): 180–222. PMC 1201029. PMID 17246573. doi:10.1093/genetics/14.2.180.
- Creighton, H. B.; McClintock, B. (1931). «A Correlation of Cytological and Genetical Crossing-Over in Zea Mays». Proceedings of the National Academy of Sciences of the United States of America 17 (8): 492–497. Bibcode:1931PNAS...17..492C. PMC 1076098. PMID 16587654. doi:10.1073/pnas.17.8.492.
- McClintock, B. (1931). «The Order of the Genes C, Sh and Wx in Zea Mays with Reference to a Cytologically Known Point in the Chromosome». Proceedings of the National Academy of Sciences of the United States of America 17 (8): 485–491. Bibcode:1931PNAS...17..485M. PMC 1076097. PMID 16587653. doi:10.1073/pnas.17.8.485.
- McClintock, B. (1941). «The Stability of Broken Ends of Chromosomes in Zea Mays». Genetics 26 (2): 234–282. PMC 1209127. PMID 17247004. doi:10.1093/genetics/26.2.234.
- McClintock, B. (1945). «Neurospora. I. Preliminary Observations of the Chromosomes of Neurospora crassa». American Journal of Botany 32 (10): 671–678. JSTOR 2437624. doi:10.2307/2437624.
- McClintock, B. (1950). «The origin and behavior of mutable loci in maize». Proceedings of the National Academy of Sciences of the United States of America 36 (6): 344–355. Bibcode:1950PNAS...36..344M. PMC 1063197. PMID 15430309. doi:10.1073/pnas.36.6.344.
- McClintock, B. (1953). «Induction of Instability at Selected Loci in Maize». Genetics 38 (6): 579–599. PMC 1209627. PMID 17247459. doi:10.1093/genetics/38.6.579.
- McClintock, B. (1961). «Some Parallels Between Gene Control Systems in Maize and in Bacteria». The American Naturalist 95 (884): 265–277. doi:10.1086/282188.
- McClintock, B., Kato Yamakake, T. A. & Blumenschein, A. (1981). Chromosome constitution of races of maize. Its significance in the interpretation of relationships between races and varieties in the Americas. Chapingo, Mexico: Escuela de Nacional de Agricultura, Colegio de Postgraduados.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Facts on the Nobel Prize in Physiology or Medicine». Nobelprize.org. Henta 17. november 2010.
- ↑ Davison., Reynolds, Moira (1999). American women scientists : 23 inspiring biographies, 1900-2000. Jefferson, N.C.: McFarland. ISBN 978-0-7864-0649-4. OCLC 40926627.
- ↑ Keller, Evelyn Fox. (1983) A feeling for the organism. W. H. Freeman and Company, New York. ISBN 0-7167-1433-7
- ↑ Boyer, David. (11. mars 2001) "Neighborhood Report: Flatbush; Grads Hail Erasmus as It Enters a Fourth Century", The New York Times. Henta 1. desember 2007.
- ↑ «Biographical Overview – Barbara McClintock, 1983» (på engelsk). National Library of Medicine. Henta 16. mars 2023.
- ↑ Kolata, Gina (4. september 1992), «Dr. Barbara McClintock, 90, Gene Research Pioneer, Dies», The New York Times, henta 28. desember 2012
- ↑ Campbell, Allan (December 1993). «Barbara McClintock». Annual Review of Genetics (på engelsk) 27 (1): 1–32. ISSN 0066-4197. PMID 8122898. doi:10.1146/annurev.ge.27.120193.000245. Henta 28 February 2023.
- Denne artikkelen bygger på «Barbara McClintock» frå Wikipedia på bokmål, den 15. mars 2023.
- Delar av denne artikkelen bygger på «Barbara McClintock» frå Wikipedia på engelsk, den 17. mars 2023.