Barbuda

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Barbuda
øy
Land  Antigua og Barbuda
Del av Leewardøyane, Små Antiller, Windwardøyane
Stad Karibia
Areal 160,6 km²
Folketal 1 810  (2011[1])
Kart
Barbuda
17°36′59″N 61°48′03″W / 17.6165°N 61.8008°W / 17.6165; -61.8008
Barbuda (raud) og Antigua
Barbuda (raud) og Antigua
Barbuda (raud) og Antigua
Wikimedia Commons: Barbuda

Barbuda er ei øy i Karibia og ein del av øystaten Antigua og Barbuda. Barbuda ligg 40 km nord for Antigua. Den største byen er Codrington. Ved folketeljinga i 2011 hadde Barbuda 1810 innbygjarar.[1] Øya blei hardt råka av orkanen Irma i 2017, og dei fleste innbyggjarane evakuerte.

Barbuda er ei flat kalksteinsøy av korallopphav. Den høgaste delen ligg rundt 40 moh. og er kjend som Highlands. Øya har eit rikt plante- og dyreliv og er kjend for korallrev og fine strender.[2] Namnet «Barbuda» kjem frå spansk og tyder 'skjeggete'.[3]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Tainofolk kalla siboney eller guanahuatebey var eit førkeramisk jeger- og samlarfolk som budde på Barbuda i steinalderen.[4][5][6] Øya bli seinare folkesett av arawakar, rundt byrjinga av vestleg tidsrekning.[4]

Karibar hadde truleg teke kontroll over øya då Christopher Columbus kom til området på si andre reise til Amerika i 1493.[4] Dei utgjorde eit trugsmål mot europearar til 1700-talet, men tidlege spanske busetjingar blei følgde av franske og engelske. Øya blei annektert av Storbritannia i 1628.[7]

I 1685 blei Barbuda leigd ut til brørne John og Christopher Codrington, som grunnla byen Codrington. Codrington-familien styrte øya som ein slags føydalstat i over 200 år.[7] Dei produserte matvarer og transporterte slavar til å arbeida på sukkerplantasjane sine på Antigua. Det blei sendt ut slavar frå Barbuda, mest til Antigua, men også til Leeward- og Windwardøyene og til dei amerikanske Sørstatane. Frå 1740-talet fann det stad fleire slaveopprør i Codrington. Då slaveriet blei oppheva i Det britiske imperiet var ikkje Barbuda nemnd. Gjennom eit opprør frå 1834 til 1835 frigjorde då slavane der seg sjølv.[4]

1. november 1981 fekk Antigua og Barbuda sjølvstende frå Storbritannia, men blei verande medlem av Det britiske samveldet. Eit sjølvstendeparti på øya, Barbuda Independence Movement, stilte til val i 1989, men fekk ikkje nok røyster til å sitja i parlamentet.

Barbuda etter orkanen Irma.

I september 2017 råka orkanen Irma øya, og raserte 95 % av bygningane og infrastrukturen på øya. Etterpå blei nesten alle innbyggjarane på øya evakuerte til Antigua, som hadde mindre skade.[8] Berre rundt 100 menneske blei verande.[9]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Census 2011 Preliminary Data Release» (PDF). Statistics Division. 31. januar 2012. Arkivert frå originalen (PDF) 4. mars 2016. Henta 30. desember 2015. 
  2. «About Antigua and Barbuda». Government of Antigua and Barbuda. Henta 19. juni 2018. 
  3. «Antigua og Barbuda». Store norske leksikon. 6. september 2017. Henta 19. juni 2018. 
  4. 4,0 4,1 4,2 4,3 «barbudaful history - barbudaful». Barbudaful.net. Arkivert frå originalen 19. juni 2018. Henta 19. juni 2018. 
  5. Riley, Frank. «Imagine a Different Beach for Every Day of Year»". The Los Angeles Times. 13. september 1987. s. 6.
  6. Allahar, Anton L. «Unity and diversity in Caribbean ethnicity and culture». Canadian Ethnic Studies. Calgary25.1 .1993. s. 70–84.
  7. 7,0 7,1 «Barbuda». Encyclopædia Britannica (på engelsk) 3 (11. utg.). 1911. 
  8. Panzar, Javier; Willsher, Kim (14. september 2017). «For first time in 300 years, there’s not a single living person on the island of Barbuda». USA Today. Henta 14. september 2017. 
  9. «Hurricane damage 'heartbreaking' Prince Charles». BBC News (på engelsk). 18. november 2017. Henta 19. juni 2018.