Barra Head
Barra Head Lokalt namn Ceann Bharraigh | |
---|---|
Geografi | |
Stad | Atlanterhavet |
Koordinatar | 56°29′N 5°35′W / 56.49°N 5.58°W |
Øygruppe | Ytre Hebridane
|
Areal | 2,04 km²
|
Høgaste punkt | Sotan (193 moh.)
|
Administrasjon | |
Land | Skottland |
Region | Ytre Hebridane
|
Demografi | |
Folketal | 0
|
Barra Head eller Berneray (skotsk-gælisk Ceann Bharraigh eller Beàrnaraigh) er ei øy i Atlanterhavet i øygruppa Ytre Hebridane på vestkysten av Skottland. Barra Head er den sørlegaste av øyane i øygruppa.
Etymologi
[endre | endre wikiteksten]Namnet Barra Head vart i utgangspunktet berre nytta om det sørlege neset på øya. Berneray kjem frå norrønt, Bjørnøya. For å skilje denne øya frå Berneray nord for North Uist vert øya gjerne på gælisk anten kalla Beàrnaraigh Cheann Bharraigh (Berneray med Barra Head) eller Beàrnaraigh an Easbaig (Biskopens Berneray, jamfør Bishop's Isles som eit anna namn på Barra Isles).[1]
Geografi
[endre | endre wikiteksten]Barra Head ligg lengst sør av øyane i dei ytre Hebridane. Like nord for Barra Head ligg Mingulay. Aust for øya ligg skjeret Sgeir Mhòr og i vest skjeret Sgeir Chriosnain.
Øya har eit areal på 2,04 km²[2] og det høgaste punktet på øya er Sotan 193 meter over havet. Sørsida av øya er særs bratt, med høge klipper som stupar rett ned i havet. På nordsida er det noko slakare og der ligg òg den einaste landingsplassen for båtar på øya. Det finst machair på øya, men ingen tre.
Øya her ikkje vore busett sidan 1931, men unntak av fyrtårnet som var bemanna fram til 1980.
Fugleliv
[endre | endre wikiteksten]Øya er kjent for det rike fuglelivet og vart i 1993 verna som ein Site of Special Scientific Interest (Stad av særleg vitskapleg interesse).[3] Sidan 2000 har øya vore eigd av National Trust for Scotland.
Blant fuglane som hekkar på Barra Head er alke og andre alkefuglar, måse, lundefugl, lomvi, krykkje, skarv og havhest. I 1985 vart det berekna at 2 % av alkebestanden i verda hekka her.[4]
Fyr
[endre | endre wikiteksten] Fyret med dei andre øyane i Barra Isles i bakgrunnen. Foto: Bob Jones | |||
Stad | Ytre Hebridane i Skottland | ||
---|---|---|---|
Oppretta | 1833 | ||
Fyrtårn | |||
Høgd | 18 | ||
Form | Kvitt tårn | ||
Byggjemateriale | Stein | ||
Fyrlys | |||
Lyskarakter | Kvitt blink kvart 15. sekund | ||
Lyshøgd | 208 moh. | ||
Lysvidde | 15 nm | ||
Status | |||
Automatisert | 1980 | ||
Barra Head 56°47′06″N 7°38′09″W / 56.784911°N 7.635948°W | |||
Fyret på Barra Head vart vedteke oppretta i 1830. Staden vart vald av fleire årsaker, Barra Head er omtrent halvvegs mellom Eilean Glas og fyret Rinns of Islay på øya Orsay. Øya ligg òg ved den sørlege innseglinga til the Minch. Fyret vart kontstruert av ingeniøren Robert Stevenson og vart første gong tent 15. oktober 1833.
Fyrtårnet ligg vest på Barra Head, på toppen av ei bratt klippe 190 meter over havet. Sjølve fyrbygningen er oppført i kvit stein og er 18 meter høg. Det har ei rekkevidde på 15 nautiske mil. Fyret vart automatisert i 1980 og den siste fyrvaktaren forlet fyret 23. oktober 1980.
Lyset blenkjer med kvitt lys, med intervall på 15. sekund.[5]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Barra Head» frå Wikipedia på bokmål, den 3. mars 2010.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- ↑ Iain Mac an Tàilleir (2003). «Placenames A-B» (PDF) (på engelsk). Pàrlamaid na h-Alba. Henta 3. mars 2010.
- ↑ Haswell-Smith, Hamish (2004). The Scottish Islands (på engelsk). Edinburgh: Canongate. ISBN 1841954543.
- ↑ «Mingulay, Berneray og Pabbay». NTS. Henta 3. mars 2010.
- ↑ «Mingulay og Berneray SPA». JNCC. Henta 3. mars 2010.
- ↑ «Barra Head Lighthouse». Northern Lighthouse Board. Henta 3. mars 2010.