Mingulay
Utsjånad
| Mingulay Lokalt namn Miughalaigh | |
|---|---|
Klippene vest på øya. Foto: Tony Kinghorn | |
| Geografi | |
| Stad | Atlanterhavet |
| Koordinatar | 56°48′41″N 7°38′15″W / 56.811389°N 7.6375°W |
| Øygruppe | Ytre Hebridane |
| Areal | 6,40 km² |
| Høgaste punkt | Càrnan (279 moh.) |
| Administrasjon | |
| Land | Skottland |
| Region | Ytre Hebridane |
| Demografi | |
| Folketal | 0 |
Mingulay (skotsk-gælisk Miughalaigh) er ei øy i Atlanterhavet, i Ytre Hebridane på vestkysten av Skottland. Mingulay er den nest største av Barra Isles, øyane sør for Barra. Mingulay er òg den nest sørlegaste av alle øyane i dei ytre Hebridane, berre Barra Head ligg lenger sør. Det høgaste punktet på Mingulay er Càrnan som er 279 meter over havet.

Foto: Paul Store
Mingulay har vore busett sidan jernalderen, men vart fråflytta i 1912. I dag vert øya nytta som utmarksbeite for sau.
Øya er kjent for sine hekkande sjøfuglar, særleg lundefugl, krykkje og alke.
Mingulay er i dag eigd av National Trust for Scotland.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Mingulay» frå Wikipedia på bokmål, den 3. mars 2010.