Be'er Ora

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search
Koordinatar: 29°42′39.95″N 34°58′44.76″E
Be'er Ora
בְּאֵר אוֹרָה
landsby
Namneopphav: Lysbrunnen
Land Flag of Israel.svg Israel
Region Arava
Distrikt Det sørlege distriktet
Kommune Eilot
Koordinatar 29°42′39.95″N 34°58′44.76″E
Folketal 20 familiar (2007)
Grunnlagd 2001
Israel location map.svg
Locator Red.svg
Wikimedia Commons: Be'er Ora

Be'er Ora (hebraisk skrift בְּאֵר אוֹרָה) er ein fellesbusetnad nær Eilat heilt sør i Israel. Han er ein del av Hevel Eilot regionale kommune. Han ligg i Arava-regionen, like vest for veg 90, nord for kibbutz Eilot, og sør for Elifaz og Timnaparken. I 2007 budde det 20 familiar der.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Be'er Ora vart grunnlagd som eit ledd i ein plan om å busetje Arava og føre folk frå det sentrale Israel til Negev. Be'er Ora vart grunnlagd i 2001. Tidlegare låg Gadna militærbase her, òg kalla Be'er Ora.

Ordet «Be'er» tyder «vassbrunn». Før samfunnet vart grunnlagd, var det ein brunn i området som var den første ferskvasskjelda for Eilat, før Eilat var knytt til det nasjonale vassnettverket.

Ordet «Ora» (lys) er henta frå dei nærliggande Orafjella og Oraelva.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]