Eilot
Utsjånad
| Eilot | |||
| landsby | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Region | Arava | ||
| Distrikt | Det sørlege distriktet | ||
| Koordinatar | 29°34′53.03″N 34°57′46.8″E / 29.5813972°N 34.963000°E | ||
| Folketal | 331 (2012)[1] | ||
| Grunnlagd | 1963 | ||
| Tilhøyrsle | Kibbutzrørsla | ||
![]() Eilot 29°34′53″N 34°57′47″E / 29.581397222222°N 34.963°E | |||
| Wikimedia Commons: Eilot | |||
Eilot (hebraisk skrift אֵילוֹת) er den sørlegaste kibbutzen i Israel, i Aravahdalen, nær grensa til Jordan og mindre enn ein kilometer nord for Eilat, og berre 3 km nord for Raudehavet.
Han vart grunnlagd i 1963 og kalla opp etter eit vers i I Kongebok 9:26: «Kong Salomo bygde ein flåte i Esjon-Geber, som ligg ved Eilat, i Edom-landet ved kysten av Sivsjøen.» (9:26).

Kibbutzen har kring 80 medlemmar og eit totalt folketal på 331. Her dyrkar dei dadlar, grønsaker og frukt. Turisme er òg ei viktig næring.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Eilot» frå Wikipedia på engelsk, den 10. september 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Locality File» (XLS). Israelsk statistisk sentralbyrå. 2012. Henta 7. september 2015.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Offisiell nettstad Arkivert 2015-09-06 ved Wayback Machine. (en)


