Because

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

«Because» er ein song av The Beatles på albumet Abbey Road frå 1969. «Because» er ein ballade skriven av John Lennon, men tilskriven på vanleg vis til Lennon/McCartney. Songen følgjer rett etter «Here Comes the Sun» og er starte på eit lengre potpurri - eit musikkstykke som består av fleire kortare og lengre songar som glir over i kvarandre.

Innspelinga av «Because» er bygd opp rundt eit vokalarrangement for ni songarar, realisert gjennom at Lennon, McCartney og Harrison song trestemt i tre opptak lagt på kvarandre. Dette gjev ein rik og tett klang, som saman med den langsame melodien gjev eit inntrykk som kan karakteriserast som draumeaktig og eterisk.

Det vert stundom hevda at denne songen eigentleg er ei utgåve av «Måneskinnssonaten» til Ludwig van Beethoven. Sjølv dette ikkje er heilt rikitg, var faktisk «Måneskinnssonaten» ein viktig inspirasjon for at songen vart til.

«Eg låg på sofaen heime hos oss», har Lennon fortalt, «og høyrde på at Yoko spelte Beethoven sin 'Måneskinnssonaten' på pianoet. Brått sa eg; 'kan du spele dei akkordane baklengs?' Det gjorde ho og eg skreiv 'Because' rundt dei. Songen høyrdest òg ut som 'Måneskinnssonaten'...»

Det er visse likskapar mellom komposisjonane; i akkordstrukturen, i bruken av arpeggio (dei enkelte tonane i kvar akkord spelast ein for ein, ikkje samstundes) og i det faktum at begge går i tonearten Ciss-moll, men «Because» er ikkje «Måneskinnssonaten» spelt baklengs, sjølv om Lennon sjølv må ta noko av ansvaret for at denne mistydinga har oppstått. Det er meir presis å skildre «Because» som inspirert av «Måneskinnssonaten» spelt baklengs; og då først og fremst akkordprogresjonen.

Lennon uttrykte seinare ein viss reservasjon i forhold til arrangementet, men både McCartney og Harrison har framheva «Because» som ein av dei beste songane på Abbey Road. Det er òg ein av dei første innspelingane (både når det gjeld Beatles og rock generelt) som nytta ein Moog synthesizer. Harrison hadde vorte eigar av ein slik og jobba på denne tida iherdig med å lære seg å beherske det.

Teksten til «Because» er enkel og samstundes nesten kosmisk:

Because the world is round it turns me on
Because the world is round...aaaaaahhhhhh

Ein coverversjon av «Because» av Elliott Smith vart nytta under rulletekstane av filmen American Beauty.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]