Beckie Scott

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Beckie Scott


Beckie Scott i 2006

Statsborgarskap Canada
Fødd 1. august 1974 (49 år)
Vegreville
Idrett langrenn
Tok del i

Vinter-OL 1998, cross-country skiing at the 2002 Winter Olympics, cross-country skiing at the 2006 Winter Olympics – women's team sprint, Ski-VM 1995, Ski-VM 1997, Ski-VM 1999, Ski-VM 2001, Ski-VM 2003, Ski-VM 2005

Utmerkingar

Canada's Sports Hall of Fame, offiser av Order of Canada

Rebecca Scott, kjend som Beckie Scott, (fødd 1. august 1974) er ein kanadisk tidlegare langrennar frå Vegreville i delstaten Alberta som vart olympisk meister på 10 km under Vinter-OL 2002 og tok sølv i vekslingsstafetten fire år seinare.

Scott slo gjennom internasjonalt i OL-sesongen 2002. Under dei olympiske vinterleikane i Salt Lake City kom ho i mål til tredjeplass i 10 km skiathlon, hårfint framom tsjekkiske Kateřina Neumannová. Men etter at den opphavlege vinnaren Olga Danilova og toaren Larisa Lazutina vart diskvalifiserte for bruk av eit prestasjonsfremjande medikament, vart ho etter leikane kåra til OL-vinnar. I tillegg vart Scott nummer fire på den ordinære 10-kilometeren i same Vinter-OL og nummer fem i sprinttevlinga.

Ved Ski-VM 2003 i Val di Fiemme enda Scott på fjerdeplass på sprinten og på sjetteplass i 10 km skiathlon. To år seinare fekk ho endå ein fjerdeplass i eit ski-VM, då på 15 km skiathlon.

Scott avslutta si tid som aktiv med sin beste sesong, OL-sesongen 2006. Frå desember 2005 til mars 2006 vann ho alle sine fire rennsigrar i verdscupen, og enda på andreplass i verdscupen i langrenn 2006, einast Marit Bjørgen plukka fleire poeng. Under Vinter-OL 2006 i Torino vart ho nummer fire i sprintøvinga, nummer seks i 15 km skiathlon, før ho tapte gullkampen mot Sverige i vekslingsstafetten og saman med lagkamerat Sara Renner måtte nøye seg med eit OL-sølv.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]