Larisa Lazutina

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Larisa Lazutina
Verkeleg namn Лариса Евгеньевна Лазутина, opphavleg Птицына
Fødd 1. juni 1965
Kondopoga
Yrke langrennsløpar

Larisa Jevgenjevna Lazutina, tidlegare Larisa Jevgenjevna Ptitsyna (fødd 1. juni 1965) er ein sovjet-russisk tidlegare langrennsløpar frå Kondopoga i Karelia. Mellom 1987 og 2001 vann ho elleve gullmedaljar i sju ulike verdsmeisterskap på ski. Og i perioden 1992-98 sikra ho seg fem gullmedaljar i dei olympiske vinterleikane. Ni av dei seksten gullmedaljane kom i stafettevlingar. I alt fekk ho 22 VM- og OL-medaljar (16-3-3), etter 16 år som aktiv på toppnivå.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Larisa Ptitsyna vann si fyrste internasjonale medalje då ho gjekk for Sovjetunionen sitt vinnarlag på 4x5 km stafett under ski-VM 1987 i Oberstdorf. Seinare i same meisterskapen tok ho si fyrste medalje, ein bronse, på 20 km i klassisk stil. To år seinare tok ho VM-sølv på 30 km i Lahti, slått med åtte sekundar av landsmannen Jelena Välbe.

I 1990 gjekk Lazutina, som ho då heitte etter å ha gifta seg med langrennaren Gennadij Lazutin, heilt til topps i verdscupen i langrenn, ein prestasjon ho skulle gjenta i 1998-sesongen. Ho fekk si fyrste olympiske medalje på stafetten under OL 1992 i Albertville, ein gullmedalje til fire russiske kvinner som gjekk for den oppløyste Sovjetunionen.

Frå 1993 tok Lazutina jamnt rikeleg for seg av medaljane i dei store meisterskapane. Med Russland fekk ho sju strake triumfar på 4x5 km stafett; VM-gull 1993, OL-gull 1994, VM-gull 1995 og 1997, OL-gull 1998, VM-gull 1999 og 2001. Elles vart ho verdsmeister på 5 km i klassisk stil både i 1993 og 1995, vinnar av jaktstarten i VM 1995 og OL 1998, samt 15 km under VM 1995 og 30 km i VM 2001, begge i klassisk stil.

Lazutina vann fem medaljar under OL 1998 i Nagano, tre gull, ein sølv og ein bronse. Ho tok fire medaljar under ski-VM 1995 i Thunder Bay, samtlege i gull, og tre (2-1-0) medaljar under ski-VM 1993 i Falun.

I 1998 vart ho tildelt Holmenkollmedaljen, samstundes som Fred Børre Lundberg, Harri Kirvesniemi og Aleksej Prokurorov fekk medaljen.

Doping[endre | endre wikiteksten]

Under vinter-OL 2002 i Salt Lake City vart Lazutina tildelt sølvmedaljar på 10 km jaktstart og 15 på km. Etter positive dopingtestar, som vart gjort kjend straks føre stafettevlinga over 4x5 km, vart ho utestengd frå å tevle og seinare frådømt dei to sølvmedaljane. Ho la deretter opp.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar