Olga Danilova

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Olga Danilova
Verkeleg namn Ольга Валерьевна Данилова
Fødd 10. juni 1970
Bugulma
Yrke langrennsløpar

Olga Valerjevna Danilova (fødd 6. oktober 1970) er ein russisk tidlegare langrennar frå Bugulma som vart olympisk meister på 15 km i 1998 og i tida 1995-2001 vann fire VM-gull og eitt OL-gull i stafettevlingar med Russland. I alt vann ho 14 medaljar (6-5-3) i ulike ski-VM og under Vinter-OL 1998.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Danilova fekk sitt gjennombrot i 1995-sesongen då ho vart nummer fire i verdscupen i langrenn, ein prestasjon ho kopierte i 2000-sesongen. Frå Ski-VM 1995 til Ski-VM 2001 gjekk ho på alle dei russiske laga i stafett, lag som stod for ei ubroten meisterrekke. Høgdepunktet for Danilova kom under Vinter-OL 1998 i Nagano, der ho vann gullmedaljen på 15 km i klassisk stil fem sekundar framom landskvinna Larisa Lazutina. På den følgjande jaktstarten bytta dei to plass på sigerspallen, men på stafetten var samam om å vinne OL-gull nummer to.

Under Ski-VM 1999 i Ramsau sikra Danilova seg sølvmedalje i begge dei to klassisk-tevlingane, slått av høvesvis Bente Martinsen på 5 km og nemnde Lazutina på tremila. To år seinare tok Danilova på ny sølvmedaljane i klassisk-tevlingane då Ski-VM 2001 fann stad i Lahti, og fekk elles ein bronse på 10 jaktstart og sitt fjerde gullmedalje i 4 x 5 km stafett.

Danilova vann i alt fire renn i verdscupen, alle i tida desember 1998 til januar 2002.

Doping[endre | endre wikiteksten]

Under Vinter-OL 2002 i Salt Lake City vart Danilova kåra til vinnar på jaktstarten, dagen etter ho vart tildelt sølv på 10 km klassisk. Straks etter testa ho positivt i dopingkontroll, og vart utestengd frå leikane. Og i 2004 vart ho frådømd begge medaljane ho var tildelt i Salt Lake City.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • Ski-VM 1995 i Thunder Bay: Gull på 4×5 km stafett, bronsemedalje på 15 jaktstart
  • Ski-VM 1997 i Trondheim: Gull på 4×5 km stafett, bronsemedalje på 5 km
  • Vinter-OL 1998 i Nagano: Gullmedaljar i 15 km klassisk og 4 x 5 km stafett, sølv i 15 km jaktstart
  • Ski-VM 1999 i Ramsau: Gull på 4×5 km stafett, sølvmedaljar på 5 km og 30 km
  • Ski-VM 2001 i Lahti: Gull på 4×5 km stafett, sølvmedaljar på 10 km og 15 km, bronsemedalje på 10 km jaktstart

Kjelder[endre | endre wikiteksten]