Belojarskij
Utsjånad
| Belojarskij | |||
| Белоярский | |||
| by | |||
|
|||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Føderasjonssubjekt | Khanty-Mansia | ||
| Folketal | 19 994 (2021) | ||
| Grunnlagd | 1969 | ||
| • Bystatus | 1988 | ||
| Postnummer | 862162 | ||
| Retningsnummer | +7 34670 | ||
![]() Belojarskij 63°43′00″N 66°40′00″E / 63.716666666667°N 66.666666666667°E | |||
| Wikimedia Commons: Beloyarsky | |||
Belojarskij (russisk Белоярский) er ein by i Khanty-Mansia i Russland med om lag 20 000 innbyggjarar. Han ligg ved elva Kazim, ei sideelv til Ob, rundt 330 km nordvest for Khanty-Mansijsk.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Belojarskij vart grunnlagd i 1969 som eit støttepunkt for bygginga av ein gassrøyrleidning frå Jamalhalvøya til Nadym i den europeiske delen av Russland. 1973 vart han urbanliknande busetnad og i 1988 fekk han bystatus.
Økonomi og næringsliv
[endre | endre wikiteksten]Hovudnæringa i byen er drift og vedlikehald av gassrøyrleidningen til Tjumentransgas (russisk: Тюментрансгаз). Etter at det vart funne råolje i nærleiken starta selskapet RITEKBelojarskneft (russisk: РИТЭКБелоярскнефть) med utbygging av førekomstane
Lokalt viktig er òg tamrein- og pelsdyrhald, samt fiske.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Delar av denne artikkelen bygger på «Belojarskij» frå Wikipedia på bokmål, den 3. februar 2009.
