Jugorsk
Jugorsk Югорск | |||
by | |||
|
|||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Region | Khanty-Mansia | ||
Areal | 152,18 km² | ||
Folketal | 32 423 (2008) | ||
Grunnlagd | 1962 | ||
Retningsnummer | +7 34675 | ||
![]() Jugorsk | |||
Wikimedia Commons: Yugorsk | |||
Jugorsk (russisk Югорск) er ein by i Khanty-Mansia i Russland med om lag 30 000 innbyggjarar. Han ligg rundt 420 kilometer vest for Khanty-Mansijsk.
Mesteparten av folkesetnaden er russarar, men det finst òg ukrainarar, tatarar og dei innfødde khanty og mansi-folka.
Historie[endre | endre wikiteksten]
Busetnaden Komsomolskij (russisk Комсомольский) vart bygd i 1963 i samband med utbygging av tømmer- og naturgass-industriane i området. Busetnaden voks etter kvart som gassfelta i vest-Sibir vart utbygd og produksjonsselskapet Tjumentransgas vart bygd opp. I mars 1959 starta bygginga av jernbanen Ivdel – Priobje. Rundt same tid starta utbygginga av skogane på taigaen i området.
Busetnaden fekk bystatus i 1992 og namnet på byen vart samstundes endra til Jugorsk. Namnet kjem av «Jugra» eller «Jugoria», som er namnet på landet til khanty og mansi-folka.
Økonomi og næringsliv[endre | endre wikiteksten]
Tjumentransgas (eigd av Gazprom) er den viktigaste arbeidsgjevaren i byen, med over 7 000 tilsette i Jugorsk. For tida (2008) kjem 90% av inntektene i byen frå verksemdene til Tjumentransgas.
Ei anna viktig verksemd er Jugorskles, som driv med hogst og handsaming av tømmer, samt møbelproduksjon.
Jordbruksbedrifta JSC Jugorskoje, som er spesialisert innan kvegavl og fjørfe, har òg verksemder i Jugorsk.