Surgut

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Surgut
Сургут
Surgut (004).jpg
Flagget til Surgut Byvåpenet til Surgut
Flagget til Surgut Byvåpenet til Surgut


Plassering
Surgut is located in Russland
Styresmakter
Land Flag of Russia.svg Russland
Føderasjonssubjekt Khanty-Mansia
Grunnlagd
Bystatus
1594
1965
Borgarmeister Aleksander Sidorov
Geografi
Flatevidd
 - By

210 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2008)
   - folketettleik

296 600
  1 412,4 /km²
Koordinatar 61°15′0″N 73°26′0″EKoordinatar: 61°15′0″N 73°26′0″E
Høgd over havet 40 moh
Tidssone
- Ved sommartid
YEKT(UTC+5)
YEKST (UTC+6)
Diverse annan informasjon
Postnummer 628400–628426
Retningsnummer (tlf) (+7)3462
Nettstad: www.admsurgut.ru

Surgut (russisk Сургу́т) er den største byen i Khanty-Mansia i Russland. Han ligg ved elva Ob, rundt 250&km aust for Khanty-Mansijsk. I 2008 hadde han tett opp under 300 000 innbyggjarar.

Namnet på byen kjem i følgje ei segn av dei khantiske orda «sur» (fisk) og «gut» (hol, grop).

Historie[endre | endre wikiteksten]

Jernbanestasjonen i Surgut

Surgut er ein av dei eldste byane i Sibir. Han vart grunnlagt i 1594 etter ordre frå tsar Fjodor I.

Urbaniseringa av Surgut fann stad på 1960-talet, då han vart eit senter for olje- og gassproduksjon. 25. juni 1965 fekk arbeidsbusetnaden Surgut bystatus.

Økonomi og næringsliv[endre | endre wikiteksten]

Økonomien i Surgut er knytt til oljeproduksjon og handsaming av naturgass. Dei største verksemdene er oljeselskapet Surgutneftegaz (ofte berre kalla Surgut) og Surgutgazprom (ei avdeling av Gazprom). Kraftverka GRES-1 og GRES-2 produserer over 7200 megawatt og forsyner mesteparten av regionen med relativt billig elektrisitet.

Transport[endre | endre wikiteksten]

Surgut lufthamn ligg 10 km nord for byen og har ruter til Moskva, Dubai, Sankt Petersburg, Irkutsk og fleire andre byar. Jernbanen TjumenNovyj Urengoj går gjennom byen. Surgutbrua over Ob er den lengste eittårns skråkabelbrua i verda.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]