Njagan
| Njagan | |||
| Нягань | |||
| by | |||
|
|||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Høgd | 40 m | ||
| Areal | 814 km² | ||
| Folketal | 63 034 (2021) | ||
| Grunnlagd | 1965 | ||
| • Bystatus | 1985 | ||
| Postnummer | 628180–628195 | ||
| Retningsnummer | (+7) 34672 | ||
![]() Njagan 62°08′00″N 65°23′00″E / 62.133333333333°N 65.383333333333°E | |||
| Wikimedia Commons: Nyagan | |||
Njagan (russisk Нягань) er ein by nordvest i Khanty-Mansia i Russland med om lag 65 000 innbyggjarar. Han ligg 40 km vest for elva Ob og rundt 230 km nordvest for Khanty-Mansiysk.
Bynamnet kjem frå elva Njagan-Jugan, ei sideelv til Ob.
Njagan er av dei yngste byane i Vest-Sibir. Han vart grunnlagt i 1965 som eit senter for skogsdrift og heitte opphavleg Njakh (Нях). Namnet vart endra til Njagan 15. august 1985, samstundes med at busetnaden fekk bystatus.
Byen er i dag primært eit senter for petroleum- og naturgassindustrien.
Njagan ligg i eit flatt og myrlendt område og regionen er kjent for brå temperaturfall.
Jernbanen frå Jekaterinburg til Ob-regionen vart opna gjennom Njagan 2. april 1967. Njagan lufthamn, 10 km aust for byen, opna i 1993.
I 2000 vart det opna eit regionalt museum i Njagan.
Kjende personer frå Njagan
[endre | endre wikiteksten]- Maria Sjarapova (f. 1987), tennisstjerne
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Njagan» frå Wikipedia på bokmål, den 18. januar 2009.
