Neftejugansk
| Neftejugansk | |||
| Нефтеюганск | |||
| by | |||
|
|||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Føderasjonssubjekt | Khanty-Mansia | ||
| Høgd | 40 m | ||
| Areal | 154 km² | ||
| Folketal | 126 690 (1. januar 2024) | ||
| Grunnlagd | 1961 | ||
| • Bystatus | 1967 | ||
| Postnummer | 628300–628312 | ||
| Retningsnummer | (+7)3463 | ||
![]() Neftejugansk 61°06′N 72°36′E / 61.1°N 72.6°E | |||
| Wikimedia Commons: Nefteyugansk | |||
Neftejugansk (russisk Нефтеюга́нск) er ein by i Khanty-Mansia i Russland med om lag 125 000 innbyggjarar. Han ligg ved ei forgrening av elva Ob, 50 km sørvest for Surgut og 200 km aust for Khanty-Mansijsk.
Namnet på byen kjem frå det russiske nefte, som tyder 'olje', og jugansk, som er avleidd av eit khantisk namn på ei lita elv nær byen.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Byen vart grunnlagt i 1967, etter at det vart oppdaga eit oljefelt i 1961. Den viktigaste og einaste store verksemda i byen er Juganskneftegaz, som vart grunnlagd i februar 1966. Økonomien til byen er framleis petroleumsbasert og han var eit viktig senter for det russiske oljeselskapet YUKOS, som eigde Juganskneftegaz.
På grunn av låge lønningar i YUKOS' var byen mindre velståande enn Surgut og mange prøver å flytte til Surgut for å arbeide for eit anna kjent russisk oljeselskap, Surgutneftegaz. Det er derimot ikkje lett på grunn av store skilnader i bustadprisane i Neftejugansk og Surgut.
I juni 1998 vart borgarmeisteren i Neftejugansk, Vladimir Petukhov, skoten og drepen og ein Yukos-tilsett vart siktet for drapet. Petukhov var ein av kritikarane av Yukos. 20. september vart viseborgarmeisteren i byen, Dmitrij Jegortsev, angripen med kniv og skadd. Ein annan viseborgarmeister, Igor Gribanov, døydde i ein brann i heimen sin i 2006.
Frå januar 2005 høyrer Juganskneftegaz til det statlege oljeselskapet Rosneft.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Neftejugansk» frå Wikipedia på bokmål, den 7. januar 2009.
