Bengbu

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Bengbu (gul)i Anhui

Bengbu (kinesisk: 蚌埠; pinyin: Bèngbù) er eit byprefektur i den nordaustlege delen av provinsen Anhui i Kina. Prefekturet har eit areal på 5 945 km² og 3 164 467 innbyggjarar (2010). Byprefekturet Bengbu består av fire distrikt og tre fylke.

Geografi og historie[endre | endre wikiteksten]

Byen Bengbu har i mange hundreår vore det sentrale transport- og handelsmidtpunktet for norddelen av provinsen Anhui og for tilgrensande område. Byen ligg på begge side av den store elva Huai He.

Namnet Bengbu tyder skjellkaien og kjem av at staden tidlegare var eit senter for fisket etter ferskvassperler.

Under den kinesiske borgarkrigen vann den kommunistiske Folkets Frigjeringshær i 1948, nær Bengbu, ein avgjerande siger over Chiang Kai-shek sine nasjonalistiske hærstyrkar nær Bengbu, under den såkalla Huaihaikampanjen.

Samferdsle[endre | endre wikiteksten]

Snøggtoget Beijing-Shanghai har stoppestad i byen Bengbu. Byen Bengbu er også stoppestad på Jinghubana som strekker seg frå Beijing til Shanghai via storbyane Tianjin, Jinan, Nanjing og Suzhou i Jiangsu.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]