Bergamo-provinsen
| Bergamo | |||
| provins | |||
|
|||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Region | Lombardia | ||
| Hovudstad | Bergamo | ||
| Areal | 2 722,86 km² | ||
| Folketal | 1 115 037 (31. desember 2024)[1] | ||
| Postnummer | 24000–24100 | ||
| Retningsnummer | 035, 0345, 0346, 0363, | ||
| Bilnummer | BG | ||
![]() Provinsen Bergamo 45°41′42″N 9°40′12″E / 45.695°N 9.67°E | |||
| Wikimedia Commons: Province of Bergamo | |||
Provinsen Bergamo (italiensk Provincia di Bergamo) er ein provins i regionen Lombardia i Italia. Hovudstaden er byen Bergamo. Han har eit areal på 2 723 km² og totalt 1 102 670 innbyggjarar i 2021. Det er 244 kommunar i provinsen.
Han grensar til provinsen Sondrio i nord, provinsen Brescia i aust, provinsen Cremona i sør og provinsane Milano, Monza e Brianza og Lecco i vest. I nord ligg Dei bergamaskiske Alpane der det høgaste punktet er Pizzo Coca på 3 052 meter over havet. Av dalar finn ein Seriana og Brembana. Dei sørlege områda består stort sett av sletter.
Av elvar finn ein Serio, Brembo og Adda i sørvest. I aust dannar Iseosjøen, som Oglio renn gjennom, ein del av grensa. Det er funne mineral i området rundt Trescore og San Pellegrino (kjelda til mineralvatnet med same namn) og andre stader.
Dei største kommunane var i 2005:
| Kommune | Innbyggjarar |
|---|---|
| Bergamo | 120 694 |
| Treviglio | 29 034 |
| Seriate | 24 297 |
| Dalmine | 23 266 |
| Romano di Lombardia | 19 049 |
| Albino | 18 186 |
| Caravaggio | 16 228 |
| Alzano Lombardo | 13 757 |
| Stezzano | 12 867 |
| Osio Sotto | 11 890 |
| Nembro | 11 636 |
| Ponte San Pietro | 11 543 |
| Cologno al Serio | 10 759 |
| Treviolo | 10 297 |
| Martinengo | 10 121 |
| Castelli Calepio | 10 016 |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Province of Bergamo» frå Wikipedia på engelsk, den 11. desember 2007.

