Berkneshalvøya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Berkneshalvøya er halvøya mellom Ørstafjorden og Voldsfjorden i Ørsta og Volda kommunar.

Europaveg 39 kryssar indre del av halvøya. Riksveg 653 (Eiksundsambandet) går frå krysset med Europaveg 39 i Furene utover Berkneshalvøya, til den ved Sørheim går ned i den undersjøiske Eiksundtunellen under Vartdalsfjorden til Eika og vidare til Hareidlandet. Fylkesveg 47 i Møre og Romsdal går rundt Berkneshalvøya, frå krysset med Europaveg 39 på Ekset til krysset med E39 i Hovdebygda.

Dei to fjelltoppane Helgehornet og Lidaveten dominerer Berkneshalvøya. Mellom Helgehornet, Ytrehovdeåsen, Indrehovdeåsen og Hovdebygda ligg Hovdevatnet.