Bernhard Brænne

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Bernhard Brænne

Bernhard Cornelius Brænne (12. november 18547. september 1927) var ein fargar og fabrikkeigar frå Trondheim, aktiv politikar for partia Høgre og Frisinna Venstre.

Far til Brænne var fargarmeister i Trondheim. Sjølv gjekk han den borgarleg realskulen i heimbyen, sidan las han latin og gresk, men gav opp studiane. Deretter gjekk han på kjemiavdelinga ved 'Trondhjems tekniske læreanstalt', tok eksamen i 1875. Etter eit opphald på ein verkstad i Bergen 1876-77 hospiterte han ved eit polyteknisk institutt i Dresden. I 1878 overtok han faren sitt fargeri, grunnlagt i 1849, og som han i 1885 utvida med ullspinneri og mekanisk veveri. Bernhard Brænnes Uldvarefabriks spesialitet var ullgarn til strikking.

Brænne møtte fyrste gongen på Stortinget i 1892 frå 17. juni, som 1. varamann for valkrinsen Trondhjem og Levanger, sameleis 1894 frå 6. april. Han var 1. representant for same krinsen 1903-06, møtte ikkje i 1903-04-sesjonen. Valperiodane 1910-12 og 1916-18 representerte han einmannskrinsen Bratøren og Ihlen på Stortinget. Han var medlem av næringskomite nr 1 i 1892 og -94, 1904-06 av Lagtinget og næringskomite nr 2. I si siste periode på Stortinget var han medlem av jarnbanekomiteen.

Brænne var statsråd i Konow-regjeringa som sat frå 2. februar 1910 til 19. februar 1911. Han var sjef for Arbeidsdepartementet, deretter overtok han som sjef for Handelsdepartementet 11. juni. Seinare var han arbeidsminister på ny i Bratlie-regjeringa frå 22. august 1912 til regjeringa gjekk av i januar 1913.

Frå 1891 til 1910 var Brænne medlem av Trondheim bystyre, i 1897-98 var han varaordførar. Han hadde ei rekke verv, både ideelle, offentlege og private. Mellom anna var han formann i Trondhjems håndverk- og industriforening, og medlem av sentralstyret i Arbeidsgiverforeningen.

Brænne vart i 1910 utnemnd til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden og forfremja til kommandør av 1. klasse i 1912. Han var også innehavar av den danske Dannebrog, den belgiske Kroneorden og den svenske Vasaorden. I tillegg vart han tildelt 7. juni-medaljen og Kroningsmedaljen 1906.

Han var frimurar og øvste leiar for St. Johanneslogen Nordlyset, St. Andreaslogen St. Eystein og Trondhjems Provincialloge. Brænnes veg på Byåsen i Trondheim er oppkalla etter han.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
  • Bokmålswikipedia

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Den Kongelige norske Sankt Olavs orden 1847-1947, utgitt av ordenskanselliet ved O. Delphin Amundsen, Grøndahl & Søns Forlag, Oslo, 1947

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]