Bernt Ingvaldsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Bernt Ingvaldsen
Regjeringen Lyngs siste dag fra debatten i Stortinget - L0022 368bFo30141605120055 (cropped).jpg
Fødd 12. oktober 1902
Trondheim
Død

24. april 1985
Drammen

Yrke politikar
Bernt Ingvaldsen på Commons

Bernt Ingvaldsen (12. oktober 190224. april 1985) var ein norsk industrileiar og politikar frå Trondheim. Han var stortingsrepresentant for Høgre frå 1945 til 1973, 1. viseformann i partiet 1954–62 og stortingspresident 1965–72. Ingvaldsen sokna til ei konservativ fløy i Høgre.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Ingvaldsen var son til ein telegrafkasserar og såleis fødd inn i borgarskapen i Trondheim. Etter studenteksamen i 1920 studerte han til sivilingeniør i elektroteknikk ved Noregs tekniske høgskole. Han var 1926-28 assistent ved det elektroniske laboratoriet på NTH. Deretter var han tilsett som konstruktør i den elektrotekniske verksemda AS National Industri på Brakerøya i Drammen. Her merka han seg ut med «både lederegenskaper og stor teknisk innsikt.», og 30 år gammal vart han fabrikksjef. Ingvaldsen var administrerande direktør i AS National Industri 1949–68. I 1968 kjøpte han Wessels Kabelfabrikk AS i Drammen, der det vart konstruert nye landbruksmaskinar. Han var medlem av Drammen bystyre 1945–59.

Ingvaldsen representerte kjøpstadene Drammen, Hønefoss og KongsbergStortinget i tida 1945–53, deretter Buskerud fylke 1954–73. Han mangla politisk erfaring då han i 1945 nær samstundes kom inn i bystyret og på Stortinget, men vann raskt tillit, trass i meiningar som gjekk på tvers av partilinja. Han var parlamentarisk nestleiar i Høgre dei to valbolkane 1958-61 og 1961-65.

Ingvaldsen var 1. viseformann i Høgre 1954–62 og medlem av sentralstyret 1962–74. Mot slutten av 1950-åra var han mellom pådrivarane i å knyte Libertas-krinsen nærare Høgre, målet var å løyse dei økonomiske problema partiet hadde. Då forholdet skapte konflikt i 1960-åra, tok han klart side for partiorganisasjone. Ingvaldsen vart rekna som ein politisk motkraft til John Lyng og Sjur Lindebrække sitt ynskje om eit politisk linjeskifte i partiet. Særleg heldt han fast på Høgre si rolle som ei modererande kraft. Derimot deltok han aktivt i Lyng og Lindebrække sine framstøytar for å privatisere statseigde selskap.

På Stortinget var Ingvaldsen fram til juni 1949 medlem i Universitetets- og fagskulekomiteen, deretter i Skog- og vassdragskomiteen til sommaren 1952, formann i denne frå januar 1950. Frå juni 1952 var han i over ni år med i Finanskomiteen. Hausten 1961 kom han inn i Militærkomiteen (Forsvarskomitéen), der han hadde plass til han gjekk ut av Tinget i 1973. Valperioden 1961-65 var han formann i Militærkomiteen. Då dei såkalla borgarlege partia fekk fleirtal ved stortingsvalet 1965 vart Ingvaldsen vald til stortingspresident, ein posisjon hadde til 1972. Etter regjeringsskiftet hausten 1972 vart Leif Granli frå Arbeidarpartiet vald til stortingspresident, medan Ingvaldsen måtte nøye seg med å vere visepresident den siste sesjon på Stortinget.

Ingvaldsen var 1967-75 medlem av den norske nobelkomiteen, og såleis ein av dei som trumfa gjennom den kontroversielle tildelinga av Nobels fredspris for 1973.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]