Sjur Lindebrække

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Sjur Lindebrække
Fødd 6. april 1909
Voss
Død

1. oktober 1998
Bergen

Sjur Lindebrække (6. april 19091. oktober 1998) var ein norsk jurist, banksjef og politikar, fødd på Voss og død i Bergen. Han var formann i Høgre i tida 1962-70, og ein sentral figur i partiet i 1950- og 1960-åra. Far hans, Gjert Lindebrække, var fylkesmann i Hordaland.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Lindebrække voks opp i Bergen og tok examen artium i 1927. Fire år seinare vart han cand.jur. ved Universitetet i Oslo, og i 1948 dr. juris. Han var 1932-33 dommarfullmektig i Nordfjord og 1933-36 universitetsstipendiat i rettsvitskap. I 1936 vart han tilsett i Bergens Privatbank, der han seinare var soussjef 1940-45, banksjef 1946-59, administrerande direktør 1959-68 og styreformann 1968-76. Han hadde permisjon frå banken då han i 1945-46 var sjef for Erstatningsdirektoratet. Lindebrække styrte Bergens Privatbank i ei tid prega av kraftig ekspansjon både nasjonalt og internasjonalt. Heile sitt yrkesliv stridde han for ei uavhengig norsk banknæring.

Lindebrække hadde ei rad offentlege, private og organisatoriske verv. Mellom mykje anna var han 1945-46 medlem i Krigsskadekomiteen, 1945-47 medlem i Statens penge- og finansråd, 1954-65 medlem i Samarbeidsnemnda, og 1954-60 formann i Den norske Bankforening.

Mot sin vilje vart Lindebrække hausten 1945 vald til stortingsmann frå Bergen. Han var då ikkje medlem av Høgre, og prøvde fånyttes å verte friteken frå å vere listekandidat. På Stortinget markerte han seg likevel raskt som medlem i Finans- og tollkomitéen, og vart den leiande finanspolitikaren til Høgre på Stortinget. I 1947 hevda han at full sysselsetting var eit overordna mål for Høgre, noko som vekte oppsikt både i og utanfor partiet. Han gjekk hugheilt inn for norsk NATO-medlemskap.

Lindebrække var frå 1950 til -54 andre viseformann i Høgre, og deretter formann 1962–70. Han ynskte eit liberalt, vidtfemnande parti nær sentrum av norsk politikk, og la såleis også vekt på sosialpolitiske spørsmål. Saman med John Lyng var Lindebrække i etterkrigstida ein pådrivar i Høgre for ein økonomisk politikk bygd på kravet om full sysselsetting og ein meir sosial profil.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]