Samarra

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Samarra (سامَرّاء)
none  Spiralminareten til Den store moskeen i Samarra
Spiralminareten til Den store moskeen i Samarra
Land Flag of Iraq.svg Irak
Folketal 160 000
Grunnlagd Oldtida
Wikimedia Commons: Samarra

Samarra er ein by i provinsen Salah ad Din i Irak. Han ligg ved breiddene av Tigris, 125 km nord for hovudstaden Bagdad. Samarra har eit folketal på rundt 160 000.

På 800-talet blei Samarra hovudstad for Abbaside-kalifatet, og har framleis byplanen, arkitekturen og kunst frå denne tida. Den store moskeen i byen, med sin berømte spiralminaret, er eit døme. I 2007 utropte UNESCO byen til verdsarvstad, og klassifiserte han samtidig som verdsarv i fare.

Al-Askaria-moskeen.

Tusenvis av pilegrimer reiser kvart år til Samarra for å vitja Al-Askaria, ein viktig moské innan sjiaislam. Moskeen blei bygd på 1600-talet, og inneheld gravstadene til den 11. og 12. sjiaimamen, Ali al-Hadi og Hasan al-Askari. Han blei utsett for eit øydeleggjande bombeåtak i februar 2006.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]