Kufa

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Kufa
الكوفة
by
Kufa Mosque, 1915.jpg
Den store moskeen i Kufa fotografert i 1915
Land Flag of Iraq.svg Irak
guvernement Najaf
Folketal 130 000
Tidssone UTC+3

Kufa
32°2′ N 44°24′ E
Wikimedia Commons: Kufa

Kufa (arabisk الكوفة, al-Kūfah) er ein by i Irak, kring 170 km sør for Bagdad, og 10 km nordaust for Najaf ved breidda av Eufrat. I 2003 var det estimert eit folketal på 110 000 innbyggjarar. I dag har Kufa og Najaf vokse saman til eit samanhengande byområde, og heile området vert i stor grad berre kalla Najaf.

I lag med Samarra, Karbala, Kadhimiya og Najaf, er Kufa ein av fem irakiske byar som er heilag for sjiamuslimar. Byen var den siste hovudstaden for det fjerde Rashidun-kalifen Ali ibn Abu Talib.[1]

Historie[endre | endre wikiteksten]

I 637 blei byen, som då låg i provinsen Asuristan, erobra av arabarar frå Sassanideriket. Han var på denne tida kjend som Hira, Aqula eller Suristan. i kalifen Umar ibn al-Khattab si regjeringstid blei så Kufa etablert her i 638. Han byrja som ein misr, ein arabisk leirby der det var busett 30 000 veteranar - den største stammegruppa var Banu Badshila.

Byen var ei kort tid, frå 749 til 762, hovudstaden til abbasidane. Han gjekk tilbake etter at Bagdad byrja å auka i tyding.

Kufa hadde ein berømt språkskule der ein utvikla kufisk skrift.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Hichem Djaït: al- Kufa: naissance de la ville islamique. Paris: Maisonneuve et Larose 1986.
  • Josef van Ess: Theologie und Gesellschaft im 2. und 3. Jahrhundert der Hidschra. Eine Geschichte des religiösen Denkens im frühen Islam. 6 Bde. Berlin: De Gruyter 1991-97. Bd. I.
  • Michael G. Morony: Iraq after the Muslim Conquest. Princeton 1984, S. 239ff.
  1. Al-Tabari, Muhammad ibn Jarir (2004). Tareekh Tabari (Urdu translation). Syed Muhammad Ibrahim Nadavi & Habib-ul-Rehman Siddiqui (Devband Scholar). Nafees Academy, Karachi, Pakistan. s. 52–53 (Vol.III Part–1 Events of 17 AH).