Bingsfossen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Bingsfossen
foss
Bingsfossen.jpg
Nordre løp av Bingsfossen med kraftverket i bakgrunnen
Område Lillestrøm i Viken
Elv Glomma
Totalt fall m
Status Utbygd med Bingsfoss kraftverk

Bingsfossen
59°59′21″ N 11°15′35″ E
Wikimedia Commons: Bingsfossen

Bingsfossen er ein foss i Glommavassdraget like ovanfor Sørumsand. Den har eit fall på fire meter, og vart bygd ut med vasskraftverk og damluker i 1978 til Bingsfoss kraftverk.

Fylkesveg 171 går over demninga.

Like nedanfor Bingsfossen på nordsida av Glomma ligg dei einaste helleristingane på Romerike.[1] Like ovanfor fossen på sørsida av Glomma ligg Bingsfoss stasjonUrskog-Hølandsbanen. Nedanfor Bingsfoss ligg Bingen tømmerlenser.[2]

Dersom det var ei sluse i samband med denne demninga og ei ved Rånåsfoss ville det vere råd å dra med fritidsbåt frå Solbergfoss i Askim, til Fåberg nord for Lillehammer i Mjøsa. Ei sluse i demninga ved Funnefoss vil kunne gi samband til Storsjøen i Odalen og Glåma til Kongsvinger kraftverk.

Høg vassføring over søndre løp av Bingenfossen under flaumen i juni 2011 Foto: Tommy Gildseth
Høg vassføring over søndre løp av Bingenfossen under flaumen i juni 2011
Foto: Tommy Gildseth

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Einbu, Ola (9. juli 2017), «Badetur med spor av Raumarike», Romerikes Blad (på norsk), henta 11. august 2021 
  2. Bingen lenser | Bingen Lenseminneforening (på norsk bokmål), henta 11. august 2021