Birger Hatlebakk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Birger Hatlebakk (20. august 191227. mars 1997), fødd i Elnesvågen i Fræna kommune, var ein norsk forretningsmann, skipar av industriverksemdene Glamox og Moxy og politikar. Han var vararepresentant på Stortinget frå Møre og Romsdal for Venstre i perioden 1969 til 1973.[1]

Utdanning og karriere[endre | endre wikiteksten]

Birger Hatlebakk studerte til sivilingeniør ved NTH og underviste deretter ved Trondheim Tekniske Skole ei tid (1941). Samtidig eksperimenterte han med teknologi for produksjon av mellom anna vindmøller, koplingsbokser for elektriske anlegg, dørvridarar og det som skulle bli det viktigaste bidraget hans, glamoxering (1948), som er ei elektrokjemisk overflatebehandling av aluminium som gjorde overflata blank og veleigna som reflektorar i lysrøyrarmaturar. På grunnlag av denne teknologien som han utvikla, starta han bedrifta Glamox i 1950, som blei flytta til Molde i 1957, og som produserte lysarmaturar og elektriske varmeomnar. I 1974 etablerte han ein fabrikk for produksjon av dumparar, Moxy, i heimbygda Elnesvågen.

Referanse i populærkultur[endre | endre wikiteksten]

Birger Hatlebakk er referert til i songen «Arne Armoen og personalsjefen» (1975) av Vømmøl Spellmannslag: Takket være strukturrasjonalisering, kapitalinvestering, indoktrinering, hatlebakkisering, sentralisering og inflasjon.

Heider[endre | endre wikiteksten]

  • Norske Ingeniørers Forenings gullmedalje for utvikling av det tekniske miljø (1993).

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • John Hollen, Ved slottets port: historien om Birger Hatlebakk, 1991

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]