Biskopen Nils Astrup

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Biskopen Nils Astrup
Astrup Nils misjonsbiskop scan.jpg
Fødd 30. august 1843
Grue
Død

18. mars 1919
KwaZulu-Natal

Yrke misjonær
For stortingsmannen, sjå Nils Astrup.

Nils Astrup (fødd 30. august 1843 i Grue i Hedmark, død 18. mars 1919 i Sør-Afrika) var biskop for den norske lutherske misjon i Zululand. Han var gift med Anna Catherina Ursula Thurman (8. april 1843-1931).[1]

Far til Astrup, Nicolai Astrup, var dommar på Sunnmøre, og sjølv fungerte han som assisterande dommar frå 1866 til 1869 til han byrja studere teologi 1870-78. Deretter var han sokneprest i Norddal på Sunnmøre frå 1879 til 1883.[2][3] Han hadde også filosofisk eksamen frå 1861 og juridisk frå 1866. Astrup skipa og dreiv «Luthersk-christeligt Skolehjem» på Valle i Gamle Aker. I følgje Bygdebok for Norddal var han konservativ, luthersk i kyrkjespørsmål.[4]

Astrup vart så misjonær og kom til Natal i Sør-Afrika i 1883. Der overtok han leiinga for den norske misjonen etter Hans Paludan Smith Schreuder, som døydde i 1882. Han gjekk til fots til Gazaland og tilbake dei tre vintermånadane i 1889. Frå Afrika skreiv han mellom anna En misjonsreise til Limpopo.

Astrup vart ordinert til biskop i Nidarosdomen i Trondheim i 1902, dette var einaste gongen han var tilbake i Noreg,[5] og han fortsette arbeidet sitt i Zululand fram til han døydde i «Elseterli» i Untumjambili i Krantzkop District i Natal.

Nils Astrup var onkel til kunstmålaren Nikolai Astrup og soneson av stortingsmannen Nils Astrup.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Thurmann, Jørgen B. (1866): Familien Thurmann: samlet efter vedkommendes egne opgaver og authentiske dokumenter. Drammen: Wulfsberg.
  2. Nils Astrup i Norsk Biografisk Leksikon
  3. Grunn og gror. Kultursoge, band IV (redigert av Ivar Kleiva). Norddal bygdebøker, 1976.
  4. Grunn og gror. Kultursoge, band IV (redigert av Ivar Kleiva). Norddal bygdebøker, 1976, s. 61.
  5. Grunn og gror. Kultursoge, band IV (redigert av Ivar Kleiva). Norddal bygdebøker, 1976, s.61.