Blåbærlyng

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Blåbær
Blåbær
Blåbær
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytina
Orden: Lyngordenen Ericales
Familie: Lyngfamilien Ericaceae
Underfamilie: Vaccinioideae
Slekt: Bærlyngslekta Vaccinium
Seksjon: Myrtillus
Art: Blåbær V. myrtillus
Vitskapleg namn
Vaccinium myrtillus

Blåbærlyng, blåbærris eller blåbær (Vaccinium myrtillus) er ein dvergbusk som høyrer til lyngfamilien.[1] Han dannar frukta blåbær.

Blåbærlyng med blomar.
Blåbærlyng med bær.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Blåbærlyng blir 10–50 cm høgt. Det har grøne, kantete greiner som blir brunaktige og vedete etterkvart, med tynne, elliptiske, takkete, lysegrøne blad som blir felte om hausten. Om våren får lynget grønkvite til raudlege, krukkeforma blomstrar. Desse utviklar seg vidare til saftige bær som vanlegvis er mørkeblåe til svarte på farge eller kvitaktig blåe. Dei ulike fargane kjem av eit tynt vokslag. Fruktkjøtet er fiolett.

Utbreiing[endre | endre wikiteksten]

Blåbærlyng er ein vanleg plante i store delar av Europa, med unntak av området kring Middelhavet. Han veks nord på det europeisk fastlandet, på Dei britiske øyane og over Kaukasus inn i nordlege Asia. Planten finst også som introdusert art i vestlege delar av Canada og USA.[2] I Noreg veks det blåbærlyng i store mengder i låglandet, og særleg i fuktig, sur jord ved skog eller heier. Blåbæra finst opp til 1700 moh.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «blåbærlyng» i Nynorskordboka.
  2. «Vaccinium myrtillus - L.». Plants for a Future. Henta 27. april 2019.