Blåsultanhøne

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Blåsultanhøne


Blåsultanhønepar i Pêra, Algarve, Portugal Foto: Flickr-brukar sighmanb
Blåsultanhønepar i Pêra, Algarve, Portugal
Foto: Flickr-brukar sighmanb
Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Gruiformes
Familie: Rallidae
Slekt: Porphyrio
Art: P. porphyrio
Namn på andre språk
  • Engelsk: Western swamphen
  • Vitskapleg namn
    Porphyrio porphyrio

    Blåsultanhøne (Porphyrio porphyrio) er ein vassfugl i riksefamilien, Rallidae. Denne sothønsstore fuglen, med store, raude føter og tær, iriserande fjørdrakt og raudt nebb og pannebles, er lett gjenkjennelig i utbreiingsområdet sitt. Blåsultanhøns lever på Iberia, i Frankrike, på Sardinia og i Nord-Afrika austover til Tunisia. Tidlegare var dette taksonet rekna som nominatunderarten av sultanhøne.

    Skildring[endre | endre wikiteksten]

    Blåsultanhøner i Europa har kroppsstorleik på 45 til 50 centimeter, veg rundt 860 gram. Dei har mørk lillablå farge, med stort, raudt glansfullt pannebles og kraftig nebb. Pannebleset er sterkt raudfarga året rundt, nebbet kan bli bleikare om vinteren. Undergumpem er kvit.[1]

    Lætet er høglydt og variert og kan inkludere seriar av langtrekt, nasal, klagande tuting i varierande styrke.[2] Det er spesielt støyande i hekkesesongen. Til trass for at dei er klumpete i flukt, kan dei flyge lange avstandar, men er ikkje regulære trekkfuglar. I flukta heng beina ned.[2] Dei er dessutan gode symjarar, spesielt for ein fugl utan symjeføter.

    Blåsultanhøns er vanlegvis sesongbaserte hekkefuglar. Hekketida korrelerer med maksimum nedbørsmengd på mange stader, eller med sommar i meir tempererte klima.[1] Det naturlege habitatet er frodig våtland ved opent vatn med takrøyr eller liknande låge vekstar. Mønsteret av sosial åtferd har ein tendens til å vere monogamisk.[1]

    Para har reirplass på store samanvovne oppsamlingar av takrøyrstrå og liknande, litt over vasstanden i sumpane. Kvar fugl kan legge 3-5 flekka egg. Rugeperioden går over 23-27 dagar, og ruginga vert utført av begge kjønn. Nyklekte ungar er utvikla med svarte dunfjører og er i stand til å forlate reirplassen kort tid etter klekking, men vil ofte bli verande i reiret i nokre dagar. Ungane blir mata av foreldra sine og av gruppemedlemmar i mellom 10-14 dagar, etter det tar dei til å finne føda si sjølv.[1]

    Blåsultanhøns føretrekker å beite i våte område med rikeleg nedbør, sumpar og ved innsjøkantar. Fuglane lever i par og i grupper. Dei sym om naudsynt og brøytar seg gjennom siv, et blaute skot og anna vegetabilske fragment. Dei har vore kjente for å ete fugleegg, fugleungar, småfisk og virvellause dyr som sniglar.

    Kjelder[endre | endre wikiteksten]

    Referansar
    1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Taylor, B. (2017) Purple swamphen (Porphyrio porphyrio) I: del Hoyo, J., Elliott, A., Sargatal, J., Christie, D.A. & de Juana, E. (eds.) (2016). Handbook of the Birds of the World Alive. Lynx Edicions, Barcelona. Henta den 25. mai 2017
    2. 2,0 2,1 Svensson, Lars et al (2011). Gyldendals store fugleguide. Gyldendal norsk forlag. ISBN 9788205418820

    Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

    Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Blåsultanhøne