Sultanhøne

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Gråhovudsultanhøne, P. poliocephalus
Foto: J.M.Garg

Sultanhøne er den norske nemninga på det som fram til 2015 var definert som ein fugleart i den biologiske slekta Porphyrio i riksefamilien. Populasjonane av sultanhøns synte seg lite einsarta med inndeling i 13 underartar som skilte seg i fjørdraktfarge og i storleik.

Frå 2016 blei den opphavlege arten sultanhøne splitta i seks artar: Blåsultanhøne rundt Middelhavet, svartryggsultanhøne i Asia, grønryggsultanhøne i Afrika, brunryggsultanhøne i Australasia, bleiksultanhøneFilippinene og gråhovudsultanhøne, i Tyrkia, Irak, Iran sørvestlege Asia. Sultanhøns finst òg på mange øyar i StillehavetMadagaskar og i Det indiske havet.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Sultanhøner har samla sett raudt nebb med raudt pannebles, ei sterkt glansfull fjørdrakt i djupt blålege farger med tonar av lilla og grønt, somme artar viser variantar av svart eller brunt på overside og hovud, andre kan ha bleikgrå fargetone på hovud og litt ned på halsen. Juvenile fuglar er bleikare. Undergumpem er kvit. Kroppslengda kan ligge i området 45-51 centimeter. Brunryggsultanhøne på New Zealand veg i gjennomsnitt 1050 gram for hannar, hofuglar er mindre, ca. 850 gram.[1]

Blåsultanhøner i Europa har mørk lillablå farge, med stort, raudt glansfullt pannebles og kraftig nebb. Pannebleset er sterkt raudfarga året rundt, nebbet kan bli bleikare om vinteren. Afrikanske og sørasiatiske fuglar har grønt på oversida, og australasiatiske og indonesiske fuglar har svart rygg og hovud.

Åtferd[endre | endre wikiteksten]

Trass i at sultanhøner er klønete i flukt kan dei flyge over lange avstandar, og dei er òg gode symjarar, spesielt til å vere ein fugleart utan symjeføter.

Artane er særs vokal og høglydt, med eit vidt repertoar av læte. Eit vanleg læte er gjentatte seriar av nasale, langtrekte, tutande tonar i svaiande styrke. Andre lydar hos blåsultanhøne er meir mekaniske trillelydar, og smattande «tjukk» som kontaktlyd.[2]

Sultanhøner er generelt sesonghekkarar, men sesongen varierer på frå art til art, mange stader tilpassa nedbørssesongen, eller hekking føregår sommarstid i meir tempererte strøk.[3] Sultanhøne hekkar i sumpmarker og i små sjøar med takrøyr eller anna låg vegetasjon.[2] Hannen har ei forseggjort oppvising ved kurtisen, han held vassplantar i nebbet og bukkar til hoa med høg klukking.[4] I dei vestlege delane av utbreiingsområdet har dei ein tendens til å vere monogame i sosial åtferd, men samarbeidande hekkegrupper er meir vanlege i dei austlege delar av området. Desse gruppene kan bestå av fleire hoer og hannar som deler eit reir eller eit par med hjelparar frå tidlegare ungekull.[3]

Para hekkar på ei stor pute, matte eller plattform av samanvoven siv, eller anna flytande vegetasjon litt over vasstanden i sumpar, ofte ute i vatnet. Fleire hoer kan dele på eit reir og dele på rugeplikter. Kvar fugl kan leggje 3-6 flekte egg, bleikt gulaktige til raudleg eller gulbrun, med raudbrune flekker. På New Zealand kan eit felles reir innehalde 10-15 egg.[1] Rugetida er 23-27 dagar, og blir utført av begge kjønn og dessutan av eventuelle hjelparar som kan vere til stades. Dei langt utvikla ungane har dunaktige, svarte fjører og i stand til å forlate reiret like etter klekking, men vil ofte vere i reiret i nokre dagar. Foreldra eller gruppemedlemmer kan mate ungane dei første 10-14 dagane, etter det vil ungane sjølv finne føda.[3]

Sultanhøns føretrekker habitat i fuktige område med mykje nedbør, sumpar, innsjøbredder og fuktige beitemarker. Fuglane lever ofte i par og i større grupper. Dei klatrar gjennom sivet, beitar på planteskot og anna vegetabilsk føde. Dei er kjente for å ete egg, små fugleungar, småfisk og virvellause dyr som sniglar. Dei vil ofte bruke ein fot for å løfte maten opp til munnen i staden for bøye seg ned til bakken.

Artar og utbreiing[endre | endre wikiteksten]

Sultanhøner lever svært spreidd i mange fragmenterte leveområde. På øyane der nært nærskylde artar er utdøydde eller har hatt nedgang på grunn av menneskelege inngrep, som for New Zealand eller Ny-Caledonia, har denne arten etablerte seg relativt nyleg.[5]

Clementslista versjon 6.7 frå september 2012 lista 13 underartar av sultanhøne.[6] Underartane hadde hovudsakleg avvik i fjørdraktfarge, men òg i storleik.

Etter splitten av den tidlegare arten sultanhøne er desse seks artane med underartar skildra:[7]

Dette er den tidlegare nominatforma av sultanhøne, og lever på den sørlege delen av Den iberiske halvøya, over Gibraltarstredet til Nord-Afrika og i oppstykka område austover til Tunisia. Dessutan på Mallorca og Sardinia.
  • P. i. indicus i Indonesia frå Sumatra til Sulawesi og Bali, dei har eit stort skjold, svart overside, og sidene av hovudet er gråsvarte.
  • P. i. virdis (Begbie, 1834) finst i Søraust-Asia, og liknar indicus, men sidene av hovudet er djupblåe.
Den afrikanske forma lever i Egypt, Afrika sør for Sahara og på Madagaskar. Ho liknar blåsultanhøne, men med meir grøntone på ryggen og skuldrer.
  • Brunryggsultanhøne, P. melanotus (Temminck, 1820) Australasia, ho har eit mindre pannebles og kortare tær enn blåsultanhøna, med svart overside, og lilla hals og bryst.
  • P. m. pelewensis (Hartlaub & Finsch, 1872) endemisk til Palau, liknar nominatforma, men har grønare overside og er mindre.
  • P. m. bellus (Gould, 1820) frå Vest-Australia er lik melanotus, men har ein djupblå hals og bryst.
  • P. m. samoensis (Peale, 1848) lever på øyar frå Ny-Guinea til Ny-Caledonia og Samoa, og er lik nominatforma, men mindre, med eit brunskjer på oversida bak.
  • Bleiksultanhøne, P. pulverulentus (Temminck, 1826)Filippinene, har olivenkastanje skuldrer, og heile fjørdrakta har oskegrå fargetone.
  • P. p. caspius (Hartart, 1917) området rundt Kaspihavet og ein avgrensa bestand i sørlege Tyrkia, liknar poliocephalus med lysare gråtona hovud, men er større.
  • P. p. seistanicus (Zarudny & Harms, 1911) lever frå Irak austover til Pakistan, som poliocephalus, men større, og mindre enn caspius.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Barrie Heather og Hugh Robertson, The Field Guide to the Birds of New Zealand (revised edition), Viking, 2005
  2. 2,0 2,1 Svensson, Lars et al (2011). Gyldendals store fugleguide. Gyldendal norsk forlag. ISBN 9788205418820.
  3. 3,0 3,1 3,2 P.B. Taylor (1996). «Family Rallidae (Rails, Gallinules and Coots)». I del Hoyo, J.; Elliot, A. & Sargatal J. Hoatzin to Auks. Handbook of the Birds of the World. Band 3. Barcelona: Lynx edicions. s. 197. ISBN 84-87334-20-2. 
  4. Ali, Salim; JC Daniel (1983). The book of Indian Birds, Twelfth Centenary edition. Bombay Natural History Society/Oxford University Press.  Cite uses deprecated parameter |coauthors= (hjelp)
  5. Steadman D, (2006). Extinction and Biogeography in Tropical Pacific Birds, University of Chicago Press. ISBN 978-0-226-77142-7
  6. Clements, J. F., T. S. Schulenberg, M. J. Iliff, B.L. Sullivan, and C. L. Wood (september 2012) (Excel spreadsheet), The Clements checklist of birds of the world: Version 6.7, Cornell Lab of Ornithology, http://www.birds.cornell.edu/clementschecklist/Clements%20Checklist%206.7.xls/view, henta 28. april 2013 
  7. NOF Norske navn på sultanhønekomplekset, 2016

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Sultanhøne