Porphyrio

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Porphyrio


Gråhovudsultanhøne i India Foto: J.M. Garg
Gråhovudsultanhøne i India
Foto: J.M. Garg
Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Gruiformes
Familie: Rallidae
Slekt: Porphyrio
Artar
  • sjå tekst
  • Vitskapleg namn
    Porphyrio

    Porphyrio er ei biologisk slekt av rikser. Tre av dei ti nolevande Porphyrio-riksene har 'purpurhøne' som fellesnamn på norsk. Purpurhønene har utbreiing i dei varmare strøka i Afrika og Amerika, og sparsamt inn Asia og Europa. Dei andre er dei langt større artane av sultanhøner og takahe. Sultanhøns har utbreiing i Afrika, Iberia, Asia, Australia og Polynesia med tilsaman 6 artar. Takahe er ein fugl utan flygeevne, endemisk til New Zealand.

    Fleirtalet av dei opphavlege artane i denne gruppa vart utrydda i holocen, men kvittakahe, som levde på Lord Howe-øya i Australia, vart utrydda av menneske så seint som på 1700-talet eller tidleg 1800-talet.

    Skildring[endre | endre wikiteksten]

    Fjørdrakta i denne slekta varierer i svart, brunt og iriserande grønt, blått eller lilla. Ofte er vengene farga noko ulikt frå undersida. Berre kvittakahe hadde fjørdrakt i kvitt eller kvitt med blåskjær.

    Storleiken varierer frå 33 cm for amerikapurpurhøne til 63 cm for takahe, sistnemnde med eit gjennomsnitt på 2,650 kg i vekt, omtrent som ei gås, og er den største gjenlevande riksa i verda.

    Dei fleste artane lever i våtmark og beitar på myrplantar og eller insekt.

    Ungane er kledde i svarte dunfjører, dei er sjølvhjelpte og beitar utelukkande på insekt første tida. Seinare kan dei ta planteføde.

    Artslista[endre | endre wikiteksten]

    Porphyrio-riksene i rekkjefølgje etter EBird/Clements Checklist v2016[1] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.[2] Lista er supplert med informasjon frå Norske navn på sultanhønekomplekset, november 2016.[3]

    Kjelder[endre | endre wikiteksten]

    Referansar[endre | endre wikiteksten]

    1. Schulenberg T. S., M. J. Iliff, B.L. Sullivan, C. L. Wood, T. A. Fredericks, og D. Roberson (august 2016), eBird/Clements Checklist v2016 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 13. november 2016 
    2. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)
    3. Morten Bergan (NNKF) Norske navn på sultanhønekomplekset Norsk Ornitologisk Forening 22.11.2016, henta 5. desember 2015

    Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]