Blasar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Blazar)
Ein tenkt blasar

Ein blasar er ein særs kompakt kvasar som ein trur har eit supermassivt svart hòl i sentrum av ein aktiv, svær elliptisk galakse. Blasarar er av dei mest energirike fenomena i universet og er eit viktig tema innan ekstragalaktisk astronomi.

Blasarar er medlemmar av ei større gruppe aktive galaksar som har aktive galaksekjerner (AGN). Eit fåtal sjeldne objekt kan vere «mellombalsarar» som verkar å ha eigenskapar som er ei blanding av både optisk kraftige variable (OVV) kvasarar og BL Lac-objekt. Namnet «blasar» vart opphavleg gjeve i 1978 av astronomen Edward Spiegel som ei nemning for ein kombinasjon av desse to klassane.

Blasarar stråler ut ein relativistisk jet som peikar i ei generell retning mot jorda. Banen til jetten samsvarar med siktelinja vår, og er opphav til den raske variabiliteten og dei kompakte eigenskapane til begge blasartypane. Mange blasarar har tilsynelatande superluminale trekk (raskare enn lysfarten) dei første få parseca av jetten, truleg på grunn av relativistiske sjokkfrontar.[1]

Det generelt aksepterte oppfatninga er at OVV-kvasarar i røynda er kraftige radiogalaksar medan BL Lac-objekt er svake radiogalaksar. I begge tilfelle er galaksen med desse kjernene enorme elliptiske galaksar.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Biretta, John (6. januar 1999). «HUBBLE DETECTS FASTER-THAN-LIGHT MOTION IN GALAXY M87». Baltimore, Maryland: Space Telecsope Science Institute. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]