Aktiv galaksekjerne

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Hubble-bilete av den elliptiske radiogalaksen M87. Den blå fargen til jetstrålen skyldast synkrotronstråling. I optisk lys er jetstrålen 5000 lysår lang, medan han er 100 000 lysår lang i radiobølgjer.[1]

Aktive galaksekjernar eller aktive galaksar (på engelsk forkorta AGN) er sentrale energiproduserande regionar som finst i nokre galaksar. Aktive galaksekjernar skil seg ut ved at store delar av energiutstrålinga deira kjem frå prosessar som ikkje har med normale stjerner eller utvikling deira å gjera. Den observerte måten denne energien blir frigjord på definerer dei ulike typane av aktive galaksekjernar. Den mest populære modellen for energiproduksjonen er materiale rundt eit svart hòl. Energien blir frigjord gjennom akresjon, sannsynlegvis i ei akresjonsskiva, medan jetstrålar kan vera eit naturleg biprodukt av skivegeometrien og magnetfelt.

Typar av aktive galaksekjernar[endre | endre wikiteksten]

LINER[endre | endre wikiteksten]

Ved dei lågaste energinivåa ligg sokalla LINER som generelt sett berre er attkjennelege ved foroldstala på relativt svake emisjonslinjer. Ikkje alle LINER er ekte aktive galaksekjernar.

Seyfert-galaksar[endre | endre wikiteksten]

Aktivitet karaktisert av sterke og breie emisjonslinjer føregår i Seyfert-galaksar, der mesteparten er spiralgalaksar. Seyfert type 1- og 2-galaksar har ulike mønster i emisjonslinjebreidd. Seyfert-galaksar viser òg sterk røntgenstråling og ofte i tillegg sterk langinfraraud stråling.

Radiogalaksar[endre | endre wikiteksten]

Radiogalaksar er mest framtredande ved den sterke utstråling deira av radiobølgjer; vanlegvis frå eit par vedheng symmetrisk plasserte rundt galaksen, ofte i selskap med jetstrålar og radiostråling frå galaksekjernen sjølv. Aktiviteten til galaksen kan ha lite eller ingen spor i den optiske delen av det elektromagnetiske spekteret; men nokre radiogalaksar har optiske emisjonslinjer som liknar dei båe typane Seyfert-galaksar har.

Kvasarar[endre | endre wikiteksten]

Kvasarar har høgare luminositet og er so lyssterke at den kringliggjande galaksen kan bli usynleg for ordinære observasjonar.

BL Lacertae-objekt[endre | endre wikiteksten]

BL Lacertae-objekt viser trekklause spektra og hurtig variasjon, noko som indikerer at dei er radiogalaksar eller kvasarar som blir sedde langs retninga til ein relativistisk jetstråle.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen baserer seg på artikkelen «active galactic nucleus» s. 4 i Philip's Astronomy Encyclopedia utgjeven i 2002.
  1. «A Cosmic Searchlight» - Hubble-pressmelding i samband med teleskopet sitt bilete av den elliptiske galaksen M87.