Bleikveronika

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bleikveronika
Bleikveronika, underarten snauveronika
Bleikveronika, underarten snauveronika
Status
Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: LC Livskraftig
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Leppeblomordenen Lamiales
Familie: Kjempefamilien Plantaginaceae
Stamme: Veroniceae
Slekt: Veronikaslekta Veronica
Art: Bleikveronika V. serpyllifolia
Vitskapleg namn
Veronica serpyllifolia

Bleikveronika (Veronica serpyllifolia), tidlegare og ofte framleis kalla snauveronika, er ei plante i kjempefamilien. Arten har ei sirkumpolar utbreiing.

Bleikveronika er om lag 15 cm høg. Stengelen er krypande med opprette skott, snaue eller korthåra. Planta har lysgrøne snaue blad. Ho har oftast rikblomstra klase med 4–5 mm breie blomstrar. Desse har kvite eller bleikblå kronblad med mørke årer. Frukta er ein brei kapsel med tverr grunn, oftast kjertelhåra.

Bleikveronika blømer kring juni i Noreg. Planta veks på fuktige grasgrodde stader og er vanleg gjennom det meste av landet, men sjeldan lengst i nord. Nominatunderarten er funnen opp til 1400–1500 m høgde på Hardangervidda.[1]

Underarten lappveronika er heimleg i Noreg, medan det er uvisst om nomiatunderarten snauveronika er heimleg eller er komen inn gjennom tidleg jordbruk.[1]

Slektskap og namn[endre | endre wikiteksten]

Arten har to underartar i Noreg:[2]

Det er òg funne mellomformer mellom underartane fleire stader.

Det har vore mykje fram og attende med namngivinga av arten og underartane. Tidlegare rekna ein dei to underartane som separate artar, snauveronika (V. serpyllifolia) og lappveronika (V. humifusa).[4] Då ein slo dei saman til ein art, vart dei to namna knytte til underartane, medan sjølve arten ikkje fekk noko norsk namn.[5] Etter kvart vart namnet snauveronika knytt til arten, medan nominatunderarten vart kalla vanleg snauveronika.[6] Som ein konsekvens av at Artsdatabanken no prinsipielt bruker separate namn på ulike taksonomiske nivå, har ein valt å kalle arten bleikveronika, eit namn som førebels er lite innarbeidd.[1][2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Reidar Elven mfl. (2022). Norsk flora (8. utg.). Oslo: Det Norske Samlaget. s. 941. 
  2. 2,0 2,1 «Artsdatabanken: Namnetre bleikveronika». Artsdatabanken. 28. februar 2023. 
  3. «Norsk rødliste for arter 2021». Raudlista 2021. Artsdatabanken. 24. november 2021. Henta 28. februar 2023. 
  4. Johannes Lid (1985). Norsk, svensk, finsk flora (5. utg.). Oslo: Det Norske Samlaget. s. 435–436. ISBN 82-521-2207-8. 
  5. Johannes Lid og Dagny Tande Lid (1994). Norsk flora (6. utg.). Oslo: Det Norske Samlaget. s. 539. ISBN 82-521-3754-7. 
  6. Johannes Lid og Dagny Tande Lid (2005). Norsk flora (7. utg.). Oslo: Det Norske Samlaget. s. 698. ISBN 978-82-521-6029-1. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]